annonse

– E16 er ikkje god nok

VERST I HORDALAND
VERST I HORDALAND: – E16 er verstingen i Hordaland. Når vegstrekkja har så dyster statistikk, er det tvingande nødvendig at samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen prioriterer E16 i Hordaland på topp av sine lister, skriv redaktør Geir Geitle. Biletet er frå ulukka måndag. (Foto: Sara Finne)

– Trafikklærar Lars Konrad Bonsaksen sa alt for 26 år sidan då E16 var ny, at vegen ikkje heldt mål. Det har han fått heilt rett i.

Geir Geitle

Dødsulukka måndag på E16 skuldast ikkje vegen åleine. Det er alltid eit menneskeleg ansvar å køyra tryggast mogleg.

Tragedien føyer seg likevel inn i eit mønster av alvorlege ulukker, som endå ein klar indikasjon på at E16 ikkje er god nok for trafikkmengda vegen skal handtera.

Trafikklærar Lars Konrad Bonsaksen sa alt for 26 år sidan då E16 var ny, at vegen ikkje heldt mål. Det har han fått heilt rett i.

VEGEN ER FOR smal på lange parti – som der det small måndag. Og ikkje berre på strekkja Voss–Bergen, men også vidare nordover frå Voss mot Gudvangen.

Når to store køyretøy møtest, er det trongt. Dette kan eg seia ut frå eiga røynsle som bussjåfør. Nokre stader er vegen så smal – sjølv med gul stripe mellom køyrefelta – at dei store køyretøya må liggja tilnærma perfekt i sitt køyrefelt. Sjølv då har du lite å gå på for at ikkje speglane skal klaska saman. Det er liten tryggleiksmargin.

UTE PÅ SIDENE er det som regel ikkje vegskulder ein kan manøvrera unna på. Dette kan vera til hjelp om køyretøy på andre sida kjem ut av kurs. Manglande vegbreidde er berre éin av fleire faktorar som aukar risikoen for ulukker.

Yrkessjåførar med store køyretøy ferdast på ein farleg arbeidsplass. Den risikoen deler dei med andre trafikantar.

SAMAN MED DEN store rasfaren, er ulukka med på å understreka behovet for ny og betre veg. Med E16 er det slik at er det ikkje det eine, så er det det andre.

Mange andre strekkjer i landet har langt høgare standard enn E16 i Hordaland. Dette vert attspegla i ulukkestala.

PER 1. OKTOBER i år hadde 78 menneske mista livet i trafikken her i Noreg. Det er lågaste talet på aldri så lenge.

Men i Hordaland fylke skjer framleis altfor mange ulukker. Til no i år hadde åtte personar mista livet i trafikken her i fylket pr. 1. oktober. Hordaland har flest trafikkdrepne av alle fylka. Statistikken vart verre etter dødsulukka måndag.

TRE PERSONAR HAR mista livet på E16 mellom Voss og Arna i år, alle mellom Bulken og Bolstad i Voss kommune.

Når vegstrekkja i tillegg har så dyster statistikk frå før, er det tvingande nødvendig at samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen prioriterer E16 i Hordaland på topp av sine lister.

I 2010-2014 ER det årleg registrert rundt seks trafikkdødsfall i Oslo – mot 16 i Hordaland, og ni som landsgjennomsnitt. Av alle fylka i landet har Hordaland hatt minst nedgang relativt sett dei siste 30 åra, ifylgje Statistisk sentralbyrå.

HORDALAND ER VERSTE fylket, og E16 er verstingen i Hordaland. Slik kan me ikkje ha det.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.