annonse

Ei betre framtid for Vangen

VANGEN
VANGEN: – Fleire av butikkane og kafeane på Vangen sleit i fjor. Me har stor tru på Vangen som handlestad, om ikkje det vert for vanskeleg å køyra bil nær butikkane, skriv redaktør Geir Geitle på leiarplass. (Foto: Ingerid Jordal)

Fleire av butikkane og kafeane på Vangen sleit i fjor. Det same gjeld truleg også nokre av butikkane på Amfi, sjølv om me enno ikkje har henta inn tal frå dei.

Det me veit, er at Wallendahl la ned sin butikk på Amfi i år. Det hadde dei ikkje gjort dersom butikken hadde vore gullkanta.

Å SVARTMÅLA SITUASJONEN, ser me likevel ingen grunn til for Voss sin del. Totalt sett har Voss som handelsstad rykt opp fleire divisjonar siste 15 åra. Målt i handel pr. innbyggjar ligg Voss nær toppen i fylket, og totalvolumet har auka kraftig. Voss er blitt eit handelssenter som femner om stadig fleire område frå Hardanger og Sogn.

KONKURRANSEN HAR HARDNA kraftig til i denne perioden på Voss. Etter at Amfi kom, og deretter mange nye butikkar på Tvildemoen og Palmafossen, og i Skulestademo og Brynalii, har me fått mange fleire butikkar å velja mellom.

Det er derfor naturleg at fleire merkar konkurransen, og at resultata kan verta svekte. I klebransjen har mange nye kjeder kome til Voss. I jernvare- og kjøkkenbransjen har det blitt mange fleire om beinet.

Det er naturstridig om ikkje dei tradisjonsrike, lokale butikkane skulle merka dette. Problemet er alvorleg, men utfordringa er å møta dei nye tidene konstruktivt og tilpassa seg.

TRASS I TØFFE tider, skjer fleire gode og spennande ting på Vangen. We Norwegians er nyleg etablert midt i Vangsgata. Voss Hud og Helse er på veg tilbake frå Amfi. Vangen Cafe investerer stort i ny kafe midt i gatebiletet. Tiljamid flytter til Vangsgata.

BUTIKKANE MÅ I konkurransen passa på å yta god service. Service kan avgjera kvar me handlar, og er noko kvar enkelt butikk kan yta uavhengig av kvar han ligg. Kanskje vert service viktigaste konkurransefortrinnet framover.

Inkludert i service ligg det også at dei tilsette har fagkunnskap. Og isfrie fortau å føta seg på no når vinteren etter kvart melder seg slik at folk kan ta seg trygt fram.

MILJØSKAPANDE TILTAK AV og til set kundane også pris på. Trass i regn og vind, strøymde folket til Vangen då det var smalahoveslepp med marknadsbuer, aktivitetar, bilutstilling og ølfestival for 14 dagar sidan. Der det er kjekt å handla, vil me som regel handla igjen.

NETTHANDEL ER KANSKJE største trugsmålet mot butikkhandelen. Her er det opp til kvar enkelt av oss å tenkja over om me må handla på nettet, eller om me kan handla lokalt og støtta vår eiga bygd.

Det er viktig at alle er litt bevisste på kva me ynskjer sjølve.

ME HAR STOR tru på Vangen som handlestad, om ikkje det vert for vanskeleg å køyra bil nær butikkane.

Står me samla rundt merkevara Voss, ser me for oss ny vekst når gravearbeida er ferdige og stadig fleire leilegheiter på Vangen vert innflyttingsklare.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.