ARKIVFOTO: Ingerid Jordal

Ei stor skam for Voss kommune

- At Voss kommune som ein offentleg arbeidsplass skal føra an i hardhendt handsaming av sine tilsette, er ei stor skam.

Publisert 14.01.2016 kl. 11.45. Oppdatert kl. 12.41.

Leiar: Arbeidsrettssaka som vart påbyrja i Bergen tysdag, varte éin dag, før det einaste rette skjedde: Voss kommune trekte avskjeden av den kommunalt tilsette i helse- og omsorgssektoren. Voss kommune innsåg tydelegvis at dei ikkje hadde noko sak. Partane inngjekk forlik, og den avskjediga­ i Voss kommune får jobben tilbake.

Å VERTA AVSKJEDIGA frå jobben sin, er ei hending så øydeleggjande i eit menneske sitt liv, at ho berre bør nyttast når ingen andre alternativ finst. Det Voss kommune her har gjort, er å skalta og valta med tilsette sine liv på ein uforsvarleg måte, og på eit sviktande grunnlag. Det er snakk om enkeltmenneske sine lagnader, hendingar som får alvorleg og djup inngripen i enkeltmenneske sine liv. Då skal ein vera heilt sikker før ein går til slike steg.

DET HAR VOSS kommune neppe vore her, til vår store forskrekking. Korleis kan ein kommune opptre slik som arbeidsgjevar? Det er så graverande at dei som har vore involverte i denne avgjerda, sjølve må vurdera sine stillingar. Dette bør føra til ein oppvask internt i Voss kommune der dei styrande, politikarane, må vurdera tiltak.


DET STÅR HELLER ikkje til å nekta for at vår elles dyktige ordførar til sjuande og sist står ansvarleg for kva dei kommunetilsette i leiande posisjonar føretek seg.

Det er langt over eitt år sidan den tilsette fekk avskjed på grått papir. I løpet av denne perioden hadde ordføraren personleg hatt rikeleg med tid til å bringa alle fakta på bordet, og omgjera avgjerda om avskjed.

DET VESLE SOM finst att av ære for Voss kommune i saka, har dei berga gjennom å leggja seg flate, og inngå forliket. Det burde kommunen ha gjort for lenge sidan, alt før vedkomande fekk avskjed etter ein suspensjonsperiode.

AT DEN AVSKJEDIGA med assistanse av sin fagorganisasjon valde å ta saka til rettsvesenet, er prisverdig. Her hadde det vore lett for det enkelte mennesket å bukka under i kampen mot dei store og mektige.

Sjeldan har me som her fått oppleva kor viktige­ arbeidstakarane sine organisasjonar er, når dei kan gje støtte i slike saker. For slike organisasjonar­ trengst, når aktørar som Voss kommune opptrer slik dei har gjort i denne saka.


I SAME TIDSPERIODEN vart også ein annan person avskjediga i Voss kommune, Jan Birger Flatabø, som stod fram og fortalde si historie i Hordaland i fjor vår. Han kunne fortelja om ei sjokkerande oppleving då han vart suspendert og avskjediga av kommunen.

Det var han som skal ha fått meldinga­ «du er suspendert, god helg». Er det no på tide for Voss kommune også å henta fram og sjå på den historia­ på ny?

VAR DET FORRESTEN nokon som i fjor snakka om fryktkultur i Voss kommune?