PRØVESMAKING: Utval for levekår åt enkelte av middagane i samband med møte, her på Vetleflaten. - Men det er noko anna å eta kok-kjøl-mat i ny og ne, enn å eta han kvar einaste dag, veke ut og veke inn heile året. ARKIVFOTO: SARA FINNE

Eit verdival om maten til eldre

Me skal vera i front når det gjeld mat på Voss, og ikkje i botnsjiktet av norske kommunar. Arnfinn Gjerdåker frå SV uttalte dette etter at den omdiskuterte evalueringa av matleveringa til institusjonar og heimebuande eldre på Voss vart lagt fram sist veke.

Publisert 12.02.2017 kl. 21.02. Oppdatert kl. 09.34.

Leiar: KONSULENTFIRMAET PwC har utarbeidd rapporten. Dei viser mellom anna til ei undersøking i 2015 om at 83 prosent av dei eldre på institu-sjonane var nøgde med maten dei får. Dei konkluderer ut frå dette med at pasientane og brukarane i all hovudsak er nøgde.

At 12 prosent svara at dei ikkje er nøgde med maten, vert ikkje analysert i rapporten. Dette vil seia at kvar åttande institusjonsbuar ikkje er nøgd.

SYNEST VOSS kommune det er tilfredsstillande at kvar åttande av dei eldre som betaler dyrt for seg på institusjon, er misnøgd med maten? Det er å spela fallitt med eldreomsorga, etter vår opp-fatning. Spesielt når ein veit at eldre kvir seg for å klaga.

SALET AV DESSE middagane til heimebuande eldre på Voss har falle dramatisk på to år. I 2014, fyrste året med ordninga frå Matvarehuset, leverte Voss kommune 9032 middagar til heimebuande eldre. I fjor, i 2016, var talet falle til 5023. Nedgangen er på rundt 40 prosent.

Ein kan spekulera i årsaka. Om dette kan skuldast smak og kvalitet på maten, er ikkje diskutert i rapporten. I staden dreg PwC fram at «enkelte av intervjuobjeketene mener at en årsak til at så mange har avbestilt middagen er negativ omtale i media og påvirkning av pårørende».


Dette meiner me er å overdriva makta til media. Om maten var tilfredsstillande, ville neppe så mange heimebuande eldre ha avbestilt middagane.

Du får elles Fjordland-middagar til rimelegare pris ute i daglegvarebutikkane enn dei 86 kronene du må betala for den tilkøyrte frå Voss kommune.

DEI FLESTE VIL nikka attkjennande til at mat som er tilbereda og servert omgåande same dagen, som regel er betre enn mat som er vermd, kjølt ned og vermd opp att.

Det er heilt greitt å eta oppattvermd mat i ny og ne. Men ville ordføraren og rådmannen på Voss hatt kok-kjøl-mat kvar einaste dag, veke ut og veke inn, heile året? Redaktøren i Hordaland ville definitivt ikkje hatt det. Kvifor skal då dei eldre måtta finna seg i det, i livets sluttfase?

IFYLGJE RAPPORTEN er det mogleg, men dyrt å etablera eigne kommunale kjøkken. Men her lokalt har både Tre Kokker og Kveik i sam-arbeid, Fleischer's Hotel og Voss sjukehus sitt kjøkken også sagt seg interesserte i å levera mat dagleg til dei eldre.

Fleire andre kommunar klarer å levera dagsfersk og lokalt tilbereda mat til dei eldre. Det er eit viktig verdival om Voss vil ta steget opp til å vera i front når det gjeld mat. Tida fram til endeleg vedtak i april må nyttast godt.