annonse

Eit viktig oppgjer om ei vanskeleg tid

RADINA TRENGEREID
RADINA TRENGEREID: – Ho var uredd og stod for ein ny tenkjemåte, og epoken hennar vart uvanleg konfliktfylt, skriv leiar. (Foto: Anne Rivenes/Arkiv)

Fleire omdiskuterte ting skjedde i tida med Radina Trengereid som kommunalsjef for helse- og omsorgstenestene på Voss.

Ho var uredd og stod for ein ny tenkjemåte, og epoken hennar vart uvanleg konfliktfylt.

ME OPPLEVDE EI kommunelegeteneste som nesten fall saman. Dobbelromsaka som førte til vondt blod. Kok og kjøl-mat til dei eldre. Og omfattande bruk av dyre konsulentar.

Dessutan: Avskjed av ein kvinneleg tilsett der kommunen måtte krypa til korset, betala ut erstatning og ta kvinna inn att i kommunal teneste.

MED RETTE VART det stilt kraftige spørsmål til dette, både i Hordaland sine spalter og i kommunestyresalen. I avisa i dag tek Magne Vassenden, ein av forgjengarane til Trengereid, eit oppgjer med epoken frå 2013 til 2016.

VASSENDEN SUMMERER OPP saker me har omtala: Den velfungerande kommunelegetenesta gjekk i oppløysing. Nye legar kom og gjekk, dyre konsulentar vart leigde inn.

Dobbeltrom-saka var heller ikkje god. Til slutt greip politikarane inn og sette ein stogg for praksisen med å leggja to eldre på same rommet.

Kok og kjøl-maten til dei eldre vart også ein kraftig verkebyll. Rett nok var det politikarane som vedtok å innføra ordninga, noko dei fleste i ettertid innsåg at dei aldri burde gjort.

BRUKEN AV KONSULENTAR var også kontroversiell. Søkjarar til leiarjobbar vart ikkje funne kvalifiserte. I staden leigde kommunen inn dyre konsulentar, mellom anna til å leia Område Vest inkludert Voss sjukeheim over ein lang periode.

Heldigvis er det no funne velkvalifiserte, lokale folk til å leia både sjukeheimen og Vetleflaten omsorgssenter.

AT DESSE SAKENE skapte omdøme-problem i Voss kommune, er ikkje til å undrast over. Sjølv om det vart gjennomført ei omstilling og strategisk utvikling som kan ha vore vellukka, vart turbulensen rundt nokre saker for kraftig.

Kommunalsjefen hadde dessutan leiarar som stod over henne. Men heller ikkje i ettertid synest den øvste ansvarlege i Voss kommune å ta særleg sjølvkritikk.

DET ER ÉIN vesentleg ting som no set denne perioden i eit ytterlegare dårleg ljos:

Heller ikkje økonomisk var perioden vellukka, slik dei fleste synest å ha trudd til no.

HADDE DEI NEMNDE tiltaka gjeve gode økonomiske resultat, hadde iallfall meir vore positivt.

Vassenden sine konklusjonar, basert på faktiske rekneskapstal og opphavlege budsjett, syner derimot at heller ikkje dei økonomiske resultata var gode.

Dei tilsynelatande gode tala oppstod etter at budsjettrammene vart utvida undervegs, og etaten tilført meir pengar etter kvart som utgiftene auka på.

Å GJERA FEIL og ikkje å lukkast med alt, er sjølvsagt lov. Likevel er det eit viktig oppgjer Magne Vassenden tek. Me har behov for å sjå perioden i perspektiv, for å dra lærdom av erfaringa.

DET VAR UHELDIG at desse sakene fekk lov å utvikla seg slik dei gjorde.

Lærdomen for ettertida bør vera at stoppsignal må gjevast i tide.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.