annonse

Ekstremsportarane fargelegg bygda

Veko-GLEDE
Veko-GLEDE: – Voss hadde definitivt ikkje vore det same utan Ekstremsportveko, skriv redaktør Geir Geitle. (Foto: Vidar Herre)

– Veko er eit arrangement som spreier livsglede, og som me håpar lever for all framtid.

Ekstremsportveko rundar 20 år. Veko har vore med og plassert vossadistriktet både på noregs- og verdskartet.

Ho er eit arrangement som spreier livsglede og som me håpar lever for all framtid.

SISTE VEKA HAR det skjedd ei oppbygging. Me merkar at noko er på gang. Straks etter at Voss Cup tok slutt sist sundag, byrja festivalteltet å ta form på Prestegardslandet.

Dugnadsfolk har drive på dag etter dag og kveld etter kveld for å gjera alt klart. Heile 700 frivillige er i aksjon under Ekstremsportveko.

Dei er endå eit døme på at dugnadsånda framleis står sterkt i våre trakter, berre føremålet er godt nok.

FOR FØREMÅLET ER godt når det gjeld Veko. Ingen andre arrangement får så godt fram den fantastiske naturen i heile regionen, både på Voss, i Nærøydalen og Hardanger.

Ekstremsportarane tek i bruk det mest utfordrande landskapet har å by på av bratte fjellvegger og stupande fossar, anten det er på Horgi, i Gudvangen, på Demmo, i Skjervet eller i Brandsetelva.

Media sender halsbrekkjande reportasjar og fjernsynsfoto ut over heile verda, og medverkar til at turistar frå nær sagt alle verdshjørne ynskjer å koma hit for å sjå attraksjonane med sine eigne augo.

MEN VEKO ER ikkje berre moro. Parallelt desse 20 åra, har ekstremsporten ført med seg mange arbeidsplassar.

At Voss Active, tidlegare Voss Rafting, i dag utfører 17-18 årsverk, er ikkje mindre enn eit eventyr. Desse og andre arbeidsplassar som har oppstått kring Veko er viktige for heile distriktet.

I TILLEGG HAR Veko vore med å endra «ånda» i vossebygda. Frå å vera litt sidrumpa og prega av stagnasjon og tilbakegang, har Voss fått fart på seg.

Mentaliteten har blitt annleis, og her har ekstremsportarane si frie livsutfalding spela ei sentral rolle.

DESSUTAN TENKJER EKSTREMSPORTARANE sjølvsagt på dei grøne verdiane. Rett nok har nokre av dei skapt irritasjon gjennom å ta seg vel mykje til rette enkelte stader i naturen.

Men haldninga til leiinga i Veko er klar, her skal det tenkjast grønt.

ARRANGØREN KJEM TIL å visa det spesielt i festivalteltet, og oppmodar alle til å sjå på det og fylgja mantraet deira: «Recy-cling is sexy!»

DET ER LOV å ergra seg litt om musikken vert for høg og dansen for vill utover natta for dei som skal på jobb dagen etterpå. Men heldigvis dreiar det seg om berre éi veke i året, og det går kanskje an å leva med.

ÉIN TING ER sikkert; Voss og området rundt hadde definitivt ikkje vore det same utan Ekstremsportveko!

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.