annonse

Finn ein bonde å heia på

ALVOR
ALVOR: «Det er all grunn til å stå på lag med bøndene i kampen for å halda oppe det norske landbruket», skriv Hordaland i denne leiaren. Her frå markeringa føre tinghuset torsdag. (Foto: Ingvild Siglen Berger)

Bøndene aksjonerer og markerer si misnøye med staten sitt tilbod i jordbruksoppgjeret. Me synest det er all grunn til å stå på lag med bøndene i kampen for å halda oppe det norske landbruket, spesielt her vest.

Verdsarvrådet som skal ta vare på verdsarvområda i Nærøyfjorden og Geirangerfjorden, slår no alarm. Attgroing trugar verdsarven. Stadig færre aktive bønder­ og ei lang rekkje med bruk som vert lagt ned, vil på sikt endra kulturlandskapa radikalt om ikkje noko vert gjort, slår rådet fast.

Konklusjonen er klar. Alle utgreiingane peikar i same retning. Og det er at aktiv, husdyrbasert landbruksdrift er den langsiktige løysinga for å vareta land­skapet. Derfor må det vera mogleg og leveleg å driva med landbruksdrift også i verdsarvområda våre.

Konklusjonen kan like godt overførast til det meste av landskapet vårt. Voss, Hardanger, Eksingedalen, Bergsdalen, Nærøydalen – berre for å nemna nokre område – er heilt avhengige av det same. Har me ikkje bøndene, gror landskapet att og vert stygt og lite attraktivt. Det vert lite samanfallande med Voss sin ambisjon om å vera eit leiande reiselivsmål i Norden.

Rolla som landskapspleiarar er ein kjempeviktig del av bonden sitt arbeid. Derfor må me ha ei regjering­ som verdset ein jordbrukspolitikk som gjer det attraktivt å driva med beitedyr i liene og fjellområda våre. Sauer, kyr og geiter gjer ein fantastisk jobb. Men me må syta for at det vert nok av dei også i framtida. Signala­ er urovekkjande, og me toler ikkje ei forverring.

Bonden er såleis viktig av fleire grunnar. Den primære­ aktiviteten er sjølvsagt produksjon av mat. All erfaring tilseier at det er ein fordel å produsera maten mest mogleg nær oss. Et me lokalprodusert og norsk mat, er det vår påstand at det er større sjansar for at me får rein og sunn mat. Kortreist mat er bra for alle partar.

Bøndene skaper dessutan mange arbeidsplassar rundt seg. Dei kjøper tenester og varer i stort omfang i lokalsamfunnet. Dei leverer råvarer som lokale verksemder foredlar. Enkelte, som gardsslakteriet på Selheim og Lars Ingvald Folkedal i Granvin foredlar til og med varene sjølve. Det er ei spennande utvikling som me gjerne ser meir av. Mange arbeidsplassar vil gå tapt om landbruket slik me kjenner det i vårt vestlands­terreng, skal verta nedbygt.

Skal landskapet vårt haldast oppe og bygdene fine­, må me ha levande bygder der det bur folk. I lengda­ vil landet vårt tapa stort på om sentraliseringa går så langt at bygder vert lagde aude.

Derfor er det viktig at regjeringa tek signala både frå bøndene og verdsarvrådet på alvor.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.