annonse

Fire nye år med Ringkjøb

KLAR FOR VAL
KLAR FOR VAL: Hans-Erik Ringkjøb kunngjorde i går at han takkar ja til attval som listetopp for Ap på Voss. (Foto: Ingerid Jordal/Arkiv)

Alt tyder på at Hans-Erik Ringkjøb vert Voss herad sin fyrste ordførar.

Den sitjande ordføraren kunngjorde fredag at han stiller seg til disposisjon for nominasjonsnemnda, og takkar ja til attval som listetopp for Arbeidarpartiet.

PR I DAG er det vanskeleg å sjå kven som skal gje Ringkjøb kamp om ordførarvervet.

Det er enno over eitt år til valet, men det skal skje eit politisk jordskjelv dersom nokon skal vippa Ringkjøb ned frå ordførar-trona.

RINGKJØB har alt bak seg to periodar som vossaordførar. Vert han attvalt, går han inn i eit celebert selskap med berre ytterst få som har sete som ordførar over tre periodar, det vil seia tolv år.

ER DETTE SÅ ei lukkeleg løysing for bygda? Med visse atterhald, ja, så ser det slik ut. I Ringkjøb si tid som ordførar har Voss hatt ei rivande utvikling, sjølv om han ikkje kan få æra for alt. Og det er slett ikkje alle som jublar for alt utviklinga dreg med seg.

Men folketalet veks, og det føregår ei storstila utbygging på fleire område.

VOSS ER OGSÅ godt i gang med samanslåinga med Granvin, som så langt ser ut til å gå relativt smertefritt. Ikkje minst er dette spennande. Det er forståeleg at Hans-Erik Ringkjøb vil vera med vidare og fullføra fleire av prosessane som han har vore med og sett i gang.

OM MYKJE HAR vore bra, er det ikkje alle delar av ordføraren si gjerning som framstår som like vellukka. Prosessen kring bygginga av ny gondolbane til Hangur var ikkje bra overfor grunneigarane under banetraseen. Dette har han sjølv vedgått, og erkjent at her må kommunen dra lærdom for ettertida.

OMDØMMESAKA HAR OGSÅ vore eit myrkt kapittel, og mange meiner nok at han burde ha sett ned foten tidlegare. Dobbeltromsaka var uheldig, men her fekk politikarane stogga den nye praksisen relativt kjapt.

Politikarane let derimot konsulentbruken utvikla seg altfor langt, før dei kom på banen.

MEN SUMMA SUMMARUM har Hans-Erik Ringkjøb gjort ein solid jobb som ordførar på Voss.

I det store og heile framstår han som ein samlande person, og får med det større tyngde politisk sett.

VOSS Er I SIGET, ingen tvil om det. Men Ringkjøb må stå på vidare for å få fornya tillit.

Valet er i september 2019, og veljarane avgjer, sjølv om resultatet synest opplagt no.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.