annonse

Fjøslykter på E16 er ikkje godt nok

NY ULUKKE
NY ULUKKE: På onsdag small det igjen på E-16. Denne gongen i Beitlatunnelen. (Foto: Vidar Herre)

To bilar var involvert i ulukka i Beitlatunnelen, og den eine bilen hanma på taket. Fire personar vart skadde.

Geir Geitle

ONSDAG small det kraftig igjen på E16 mellom Voss og Bergen, denne gongen i Beitlatunnelen på Dale. Tre personar er alvorleg skadde, og nye menneskelege tragediar fylgjer i kjølvatnet.

IKKJE ALLE ULUKKER skuldast vegen. Men det er komplett uforsvarleg å ha fjøslykter som opplysing i tett trafikkerte tunellar i hovudvegsambandet mellom Bergen og Oslo, dei to største byane i landet.

BÅDE BEITLATUNNELEN OG Langhelletunnelen lenger mot Bergen har begge fjøslykter hangande på eine sideveggen. Dette er ikkje godt nok, enkelt og greitt.

Her er det truleg berre eit spørsmål om tid før det skjer fleire ulukker.

Dårleg sikt gjer alt vanskelegare for trafikantane, og det kan få fatale fylgjer så tett trafikert som E16 er.

GJENNOM TUNELLEN ER det 60-sone. Det burde gå greitt å køyra skadefritt. Det er likevel eit faktum at feil oppstår. Og E16 tilgjev ikkje feil.

I tillegg til køyretøyet som forårsakar ulukker, vert ofte heilt uskuldige menneske i møtande køyretøy også hardt ramma. Det er etter kvart maktpåliggjande å gjera E16 til ein tryggare veg, med stengsel mot møtande trafikk på lengre sikt.

I mellomtida må det utførast kortsiktige tiltak som kvitkalking av tunellveggene, rumlefelt i midten og på sidene, og betre opplysing.

PÅ DEN ANDRE sida kan heller ikkje bilistane fråskriva seg alt ansvar. På heilt generelt grunnlag påtek ein seg eit stort ansvar når ein set seg bak rattet og køyrer.

Bil og motorsykkel er potensielle drapsvåpen.

POLITIET HAR FLEIRE gonger trekt fram at ein del bilførarar er opptekne av andre gjeremål. Kvar einaste dag kjem meldingar om «vinglekøyring». Til dømes er bruk av mobiltelefon forbode og burde vore bannlyst bak rattet hjå alle som seier dei er opptekne av trafikktryggleik. Likevel ser me nesten kvar dag bilførarar som køyrer med mobilen pressa opp mot øyret.

Mobiltelefon er ein av distraksjonane me som bilførarar må luka vekk for å gjera trafikken tryggare.

16 PERSONAR HAR omkome ved bruk av fritidsbåtar til no i år, melde NRK på nyhenda torsdag morgon. Ingen kan klaga på «farleg sjø» eller «feil plasserte øyar, skjer eller fastland».

Som regel er det menneskelege faktorar som ligg bak mange av ulukkene.

MEN FJØSLYKTER PÅ E16 mellom Voss og Bergen held uansett ikkje mål. Og spesielt ikkje når det er berre éin av fleire risikofaktorar langs denne vegen.

Fjøslykter hadde me neppe fått sett i tunellar på Austlandet inn mot Oslo.

REGJERINGA MÅ DERFOR få fortgang i bygging av ny og sikker veg og bane mellom Voss og Bergen. Dette må verta den høgast prioriterte samferdsleoppgåva som ikkje kan utsetjast lenger.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.