annonse

Fleischer’s sin særeigne posisjon

FLEISCHER’S
FLEISCHER’S: – Fleischer’s Hotel sin særeigne posisjon gjer at dei involverte må venda alle steinar og vera kreative for å finna den beste løysinga, skriv Hordaland på leiarplass. (Foto: Rolf Tepstad/Arkiv)

Debatten er hard om den trafikale løysinga forbi Fleischer’s Hotel. Viktige samfunnsinteresser står opp mot kvarandre.

FLEISCHER’S HOTEL ER ikkje kven som helst i Voss sitt næringsliv. Hotellet har ein nærast ikonisk status, med ei meir enn 150 årig historie. Her har kongar, keisarar, sjeikar og mange andre overnatta. Hotellet er kjent både i vårt eige land og utover landegrensene.

Og dei er ein stor arbeidsplass som er viktig for Voss.

YNSKJER ME Å ivareta ein viktig del av Voss sitt særpreg, er det viktig å lytta til signala som kjem frå dei som eig hotellet. Dei held fast ved at det er avgjerande å få flytta hovudinngangen frå baksida til framsida av hotellet, i takt med endringane som elles skjer i området no.

Dette er lett å ha forståing for. Togreisande fortel at det er altfor kronglete å ta seg til hotellet.

DERSOM VOSS VIL ha Fleischer’s Hotel, er rammevilkåra nøydde å vera til stades. Ein må også vera klar over at det er dyrt å vedlikehalda og driva ein 130 år gamal bygning som den Fleischer’s driv hotell i.

Det finst døme på at denne typen hotell slit, som Mundal Hotel i Fjærland som har stått stengt ei tid.

SAMTIDIG ER DET avgjerande at her kjem gode nok trafikale løysingar for turistbussar, rutebussar og annan trafikk. Bussjåførane og trafikantane sine behov er akkurat like legitime som Fleischer’s sine.

Sjåførane køyrer store køyretøy, og må få gode ordningar der mjuke trafikantar sine liv og helse ikkje vert sett i fare.

VALET SOM VERT gjort no, kjem til å fastleggja rammene for fleire tiår framover.

Derfor er det viktig at valet som vert teke, ikkje berre er ei halvgod løysing, men ei optimal løysing.

FLEISCHER’S HOTEL HAR vore på denne staden lenge før jernbanen kom, og lenge før bilismen kom. Dei har krav på at alle moglegheiter vert vurderte.

Det er eit paradoks om det vert vanskeleg å nytta eigen grunn til å utvida med ny hovudinngang for å sikra si eiga framtid.

I EIT HISTORISK perspektiv er det feil om interessene til det nye hotellet ved stasjonen skal vega tyngre enn interessene til dei som har vore der gjennom 154 år.

Samtidig er det viktig med kompromissvilje frå hotellet si side.

HER MÅ ALLE interesser ivaretakast. Voss kommunestyre utsette handsaminga av reguleringsplanen til over ferien.

Fleischer’s Hotel sin særeigne posisjon gjer at dei involverte må venda alle steinar og vera kreative for å finna den beste løysinga.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.