annonse

Folk møtest – og ting skjer

VOSSAKVEIK
VOSSAKVEIK: Arne Hjeltnes leia Vossakveik torsdag, som har blitt ein stor del av Vossa Jazz. (Foto: Stine Strand Carlsen)

Integrering og inkludering. Det var viktige tema då Vossa Jazz starta med Vossakveik torsdag kveld.

VOSSA JAZZ HAR blitt mykje meir enn ein musikkfestival. Vossa Jazz er også ein stor treffplass.

Og ein festival som tek samfunnsansvar ut over musikken, med å setja viktige tema på dagsorden.

INTEGRERING – i vid forstand, var temaet på Vossakveik i år. Ikkje berre integrering av våre nye landsmenn, men også av etniske nordmenn som fell utanfor av ulike årsaker.

Det kan vera funksjonshemma, arbeidsledige og folk med ulik legning. Det kan vera folk som er einsame, som slit psykisk og endåtil folk utan eigen bustad.

SEINAST TORSDAG ETTERMIDDAG kunne ein på nettstaden framtida.no lesa ei ung, funksjonshemma vossakvinne fortelja si historie om ein vanskeleg oppvekst på Voss.

Utan å ta stilling til korkje det eine eller andre, har me alle sannsynlegvis ein god veg å gå ved å verta flinkare til å inkludera menneske.

DEI MANGE FRAMMØTTE i Gamlekinoen fekk høyra eit par fyrverkeri av nokre føredrag. Det var ein magisk kveld. Her var det inspirasjon og næring for tankar og kjensler.

LIBANESISKE AIMAN SHAQURA med stor suksess som gründer fortalde om fordelane med å integrera flyktningar i verksemdene. Det skaper konkurransefortrinn fordi dei vert meir nyskapande. No har han selskap som omset for 100 millionar kroner.

– Det gjeld ikkje å få, men å få til, hadde mora hans sagt.

PELLEGRINO RICCARDI heldt fram festen med ein bodskap som kombinerte italiensk, britisk og norsk mentalitet.

Han tok for seg kulturelle skilnader. Han verdset det norske, men spurde om ikkje me også kan trengja litt av det italienske.

DÅ HAN GIFTA SEG i Noreg, spurde hans italienske far om dette var ei gravferd eller eit bryllaup. Så stor var kultur- skilnaden.

– Skal Voss vera bryllaup eller gravferd, spurde den livfulle briten med italienske foreldre.

HAN TREKTE FRAM fire ting som skaper bryllaup.

Ærlegdom, kjærleik, tilknyting og håp.

Når folk møtest, skjer det ting. Relasjonar oppstår.

VOSSA JAZZ er ein arena der folk møtest i bygdene våre. Me har også andre, som Voss Cup, Ekstremsportveko, poesi- festival og vintertreff. Og ei mengde andre festivalar, arrangement og tilbod.

Alle saman er gull verd.

ME KAN kvar og ein lata oss inspirera til å gå ut og inkludera og integrera. Eller sjølve å bli inkluderte. Anten det skjer på jazzen, i skogen, på fjellet eller heilt andre stader.

Då gjer me staden vår til ein litt betre plass å leva på for alle.

ALT I SEINE kveldstimar torsdag var det fleire i verksemder på Voss som sa at dei vil ta inn flyktningar, etter det me høyrer. Vossakveiken opnar for ei ny tid.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.