annonse

Fossegrimen i 100 med Andsnes

STORKONSERT
STORKONSERT: Fossegrimen med Leif Ove Andsnes under festkonserten som var ei stor oppleving for alle som var til stades i Gamlekinoen laurdag, inkludert Hordaland sin redaktør. (Foto: Marita Saue Hamre)

Konserten med Leif Ove Andsnes og Fossegrimen laurdag vil verta ståande som ei av dei største enkelthendingane på Voss på lang tid.

DEI 500 SOM fekk plass i Gamlekinoen fekk ei oppleving dei neppe vil gløyma med det fyrste. Sjeldan eller aldri har applausen og hyllesta vore så kraftig og så livfull som denne kvelden.

I SENTRUM STOD sjølvsagt verdskjende Leif Ove Andsnes. Han levde musikken, var som i transe, og sette publikum meir eller mindre i transe.

MEN SOM MEDSPELARAR hadde han eit Fossegrimen i toppslag. Som publikumar kan ein ikkje anna enn å lata seg imponera over det bygda og regionen sitt eige symfoniorkester har fått til.

Og det spørst om dei nokon gong har vore så gode som denne kvelden i si 100-årige historie.

FOSSEGRIMEN ER VIKTIG, sjølvsagt ikkje berre for Voss, men for heile indre Hordaland og langt utanfor. Orkesteret byr på levande musikk av høg klasse.

Dei har sidan 1981 halde til saman 270 konsertar. 63 av desse har vore i tolv kommunar i Hordaland utanom Voss, fem i Sogn og Fjordane og éin i Haugesund.

50 musikarar var i aksjon på scena laurdag, dermed er Fossegrimen ein arena for mange musikarar.

NÅR DEI I tillegg leverer konsertopplevingar som dette til eit så stort publikum, så er Fossegrimen ikkje berre ein viktig musikk- og kulturaktør.

Dei er også ein viktig samfunnsaktør, eit kjærkome innslag i bygdene våre.

MEN ORKESTERET HAR sine økonomiske utfordringar, og det var på nippet at dei ikkje mista det fylkeskommunale tilskotet i fjor. Til slutt kom det på plass, men ingen siger er evig vunnen, og det er ikkje utenkjeleg at kampen må kjempast igjen.

Om den situasjonen dukkar opp, bør mange stå bak krava om å halda på – og til og med auka – tilskota som gjer at Fossegrimen framleis kan eksistera, til glede for regionen.

ME HAR MANGE musikkarrangement med Voss Jazz, Osafestivalen og ulike pop- og rockeinnslag. Klassisk musikk bør også vera ein del av dette biletet. Klassisk musikk gjev ro i sjel og kropp, slik det gav i Gamlekinoen laurdag kveld.

DET ER BERRE å gjera Leif Ove Andsnes ord til sine: Gratulera med jubileet, og alt godt for dei neste hundre åra.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.