annonse

Gode bankar er viktig for gode bygder

EIN MERKEDAG
EIN MERKEDAG: 175 år med bank på Voss, er ein merkedag både i banken og bygda si historie, skriv redaktør Geir Geitle i denne leiaren. (Foto: Maita Saue Hamre/Arkiv)

Voss Sparebank feira den fyrste delen av 175-årsjubileet sitt torsdag. 175 år med bank på Voss, er ein merkedag både i banken og bygda si historie.

Ein god bank er viktig for ei god bygd. På Voss er me så heldige at me ikkje berre har éin, men tre gode bankar – både i Voss Sparebank, Vekselbanken og Sparebanken Vest.

Dette er også ei medverkande årsak til at distriktet vårt opplever vekst og utvikling. Bankar som er solide nok til at dei kan låna ut risikovillig kapital, er avgjerande for å få til investeringar som trengst i eit blømande samfunn.

På Voss var det i tidlegare tider bønder som trong å låna for å kjøpa eller byggja opp ein gard. Etter kvart har mange verksemder vore avhengige av lån. Og for oss alle spelar banken ei viktig rolle når me skal kjøpa hus og heim og bil.

Som den eldste verksemda på Voss, har sparebanken spela ei sentral rolle i utviklinga i bygdelaga våre.

I sine fyrste 175 år har Voss Sparebank stått fjellstøtt. Dei har drive sin nøkterne politikk, med prinsipp om lokal tilknyting. Medan andre bankar har satsa høgt og gale og utanfor sine distrikt, har sparebanken vore tru mot sine verdiar.

Talet på sparebankar i landet er redusert frå over 600 til kring 100. At Voss Sparebank er ein av dei som lever vidare, og gjer det godt, er ikkje tilfeldig.

Symptomatisk nok gjekk sparebanken ut av Terra eit par år før Terra-skandalane openberra seg. Dåverande banksjef Kjell Jostein Bø lukta lunta og ville ikkje vera med i den uheldige retninga Terra gjekk i, der mellom anna Vik kommune rauk på store tap etter finans- spekulasjonane.

Den kanskje største suksesshistoria til banken, er utbygginga av Myrkdalen fjellandsby. Den største banken i Noreg sa nei til å finansiera utbygginga. Vesle Voss Sparebank gjekk derimot inn med eit stort engasjement, saman med MøllerGruppen i Oslo.

Sparebanken tok ein sjanse, og resultatet i dag er nesten 200 arbeidsplassar skapte i Myrkdalen.

Noko av kritikken mot lokale bankar har vore at dei er for forsiktige. Dette var også bakgrunnen for at Vekselbanken såg dagsens ljos i 1899, som ein forretningsbank.

Sidan har bankane levd side ved side, og utfyller kvarandre.

Etter kvart har også Sparebanken Vest kome som eit friskt pust, og ser ut til å finna sin solide plass.

I dag er alle dei tre bankane viktige bidragsytarar til allmennyttige tiltak i bygdene våre.

I Voss Sparebank sitt 175. år får me ei påminning om at gammaldags forretningsmoral framleis er gyldig. Sunn fornuft når det gjeld økonomi og risikovurdering, går ikkje av moten.

På denne måten har vossasamfunnet gått klar dei store svingingane me har sett ute i verda rundt oss. Vossabankane er med og gjev stabilitet.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.