annonse

Godt for Voss, godt for Vangen

NY BANE
NY BANE: – Nyhendet om at den nye Hangursbanen verkeleg skal byggjast, er ei god og gledeleg melding for reiselivs- og friluftsbygda Voss, skriv Hordaland i denne leiaren. (Foto: HLM Arkitektur AS/Illustrasjon)

Nyhendet om at den nye Hangursbanen verkeleg skal byggjast, er ei god og gledeleg melding for reiselivs- og friluftsbygda Voss.

Det er berre å gratulera Øyvind Wæhle, Øyvind Lauritzen og resten av gjengen i Voss Gondol og Voss Resort. Nyhendet om at den nye Hangursbanen verkeleg skal byggjast, er ei god og gledeleg melding for reiselivs- og friluftsbygda Voss.

Og ikkje minst at banen skal stå ferdig alt på førsommaren 2019.

BANEN VERT EIN turistattraksjon, og vil styrkja Voss sin posisjon som ei bygd for sterke opplevingar, basert på utfalding i flott natur.

FLEIRE HAR VORE skeptiske til finansieringa, men den er no på plass. Ekstra gledeleg er det at lokal kapital står bak eigarselskapet Voss Gondol.

At alle tre bankane med tilhald på Vangen er med på lånefinansieringa, er også ei fjør i hatten for prosjektet.

Nøkterne lokalbankar med beina på jorda har nok rekna grundig på kronene og trafikkgrunnlaget før dei går inn med eit så stort engasjement som rundt 30 millionar kvar.

MALURTEN I BEGERET er sjølvsagt ulempene for dei rundt 30 grunneigarane som bur langs traseen. Om ikkje alle er imot banen, reagerer dei fleste på prosessen.

Manglande informasjon undervegs er eit vesentleg ankepunkt, også i dette tilfellet.

DET ER ALLTID leitt når nokon vert skadelidande, men i dette tilfellet har dei folkevalde vurdert utbygginga slik at storsamfunnet sine interesser overstig ulempene.

Likevel får Voss Gondol no ein viktig jobb med å minimalisera ulempene for grunneigarane under linja.

PARKERING NÆR STASJONEN er også eit problem. Per i dag finst få parkeringsplassar, og her må eit lyft til om banen skal tena fleire enn dei som kjem med tog eller rutebuss.

For det fyrste trur me det trengst bussparkering. Ein heil del turistbussar køyrer gjennom bygda, og for mange vil ein tur opp til Hangur verta ein attraksjon. Ikkje minst ved lunsjtider.

Ein buss er ikkje lett å setja frå seg kvar som helst, så ein del plassar må opparbeidast i nær tilknyting.

MANGE AV LOKALFOLKET vil dessutan ynskja å stiga til vêrs til Hangur med den nye banen.

Alpinløypene og restauranten er opplagde magnetar. Med løyper for langrenn og sykkel og utspringspunkt for paraglidarar nær toppunktet, vert området endå meir attraktivt. Då trengst det parkering.

Parkeringshuset under Skulehaugen er eit alternativ for enkelte, men ikkje alle.

Ei nærare løysing som Fengselstomta er naudsynt, med bussparkering på gateplan og personbilar i andre etasjar.

FOR VANGEN VERT nye Hangursbanen ei etterlengta vitamininnsprøyting. I dag opnar også Vangen Café, utan samanlikning elles, men med nye og innbydande lokale.

Så positive ting skjer, og Hangursbanen med nedre stasjon på Vangen kan gje eit lyft av dimensjonar.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.