annonse

Gratulerer med Vossabadet!

OPNAR DENNE VEKA
OPNAR DENNE VEKA: Sjølv om me ikkje har fått strand og bølgjer som på eit badeland, så har me fått eit tenleg badeanlegg med tre ulike basseng og stupetårn, skriv redaktør Geir Geitle. (Foto: Sara Finne)

I dag opnar Vossabadet, og med det går Voss inn i ein ny epoke med ein ny attraksjon.

Geir Geitle

Me trur ein kan nytta det gamle uttrykket med «før og etterpå» om badet som no opnar for bruk.

Me må tilbake til 1980-talet for å finna fyrste freistnadene på å få til eit badeland på Voss. Det vart sett ned ei nemnd, men tiltaket vart aldri noko av den gongen. Deretter har tankane om nytt badeanlegg lege på is gjennom mange år, men vorte henta fram innimellom.

Behovet har vore der heile tida, spesielt haust, vinter og vår då det vesle innebassenget ved ungdomsskulen har vore altfor lite.

Den gongen på 1980-talet var det snakk om badeland med strand og bølgjer. Slik var det tidleg på 80-talet, med bonanza-preg der mykje gjekk rett til himmels.

Sjølv om me ikkje har fått strand og bølgjer, så har me fått eit tenleg badeanlegg med tre ulike basseng og stupetårn.

Dei fleste vert lukkelege og glade av å leika og symja i vatn under trygge forhold. Dessutan er symjeopplæring viktig.

Derfor vert Vossabadet eit spennande aktivitetstilbod til fastbuande, tilreisande og turistar. Det vil lokka fleire til å ta turen til Voss, og kanskje få dei til å vera her lenger når dei fyrst er komne.

Badet kompletterer tilbodet med skisport, ekstremsport og andre aktivitar som er råd å driva med på Voss. Det kjem til glede mellom anna på regnfylte dagar og når det er ligg mindre til rette for aktivitetar ute.

Då har eit badeanlegg vore noko me verkeleg har mangla.

Planane for badet skaut for alvor fart då kulturdepartementet stilte med fem millionar kroner i tilskot i 2013. Voss søkte, og fekk tilslag.

Samtidig drog sentrale personar i symjemiljøet, inkludert Hans Engelsen Eide, i gang kronerulling der fleire verksemder og enkeltpersonar gjekk inn med sine bidrag.

Vossabadet har derfor vorte bygt gjennom eit spleiselag, sjølv om bidraga gjerne kunne vore større.

I tillegg går Voss kommune sjølvsagt inn og tek det tyngste økonomiske lyftet.

Plasseringa i Prestegardsmoen har vore diskutert, og prisen med dei økonomiske byrdene for kommunen har vore heftig diskutert. Mange har frykta konsekvensane for kommuneøkonomien. Men no står bygget der, og me må ta det slik det er. Då får me håpa og tru at det fungerer slik me ynskjer – at mange vil bruka badet, slik at badet «går rundt» økonomisk utan å belasta kommunekassa meir enn det som er lagt til grunn.

Derfor er det berre å hoppa, eller kanskje, stupa i det.

Me ynskjer lukke til og gratulerer alle med Vossabadet. Godt bad!

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.