annonse

Grunn til uro over varslingsrapport

VARSLINGSRAPPORT
VARSLINGSRAPPORT: – I vedtaket som kommunestyret gjorde torsdag, etter framlegg frå ordføraren, heiter det at det over tid må arbeidast med ein openheitskultur og kultur for varsling. Då er det også grunnleggjande at prosessane i varslingssaker vert handterte på ein tillitvekkjande måte, skriv Hordaland i denne leiaren. (Foto: Vidar Herre/Arkiv)

IHR (Indre Hordaland Revisjonsdistrikt) har utarbeidd rapporten om etikk, varsling og verneteneste i kommunen. Det står respekt av politikarane sitt vedtak om å forkasta rapporten, slik dei gjorde i førre kommunestyremøte.

AT DET I det heile er naudsynt å utarbeida ein rapport som dette, er eit teikn på at litt for mange ting har skurra.

Ein del av tinga som verkeleg gjev grunn til å utarbeida rapporten, er også nemnde i dokumentet. Likevel er det ikkje trekt særleg vidtrekkjande konklusjonar eller gjeve konkrete råd som fylgje av det, etter det me kan sjå.

I TO AV tilfella er det graverande tilfelle som er nemnde i rapporten. Dette omfattar begge dei to største varslingssakene siste par åra. Desse temaa er tekne opp av enkeltpersonar eller fleire personar i intervju.

DEN EINE GJELD saka omkring dåverande hovudverneombod Asbjørn Nyberg si varsling i 2014. Her er det spelt inn fylgjande, som er nemnt i rapporten:

– Knytt til omdømesaka diskuterte Arbeidsmiljøutvalet kven dei skulle be om å utføra gransking, men så hadde ordføraren alt bestilt KS-advokatane, som er kommunen sin advokat.

I DEN ANDRE store saka, varslinga knytt til kommunalsjefen i samband med tilhøva på kulturhuset, er fylgjande forhold spelt inn og nemnt i rapporten:

– Rådmannen valde å nytta ekstern granskar då det kom varsel på ein kommunalsjef i andre delen av granskinga på kulturhuset. I fyrste delen vart interne granskarar nytta.

– Advokaten til kommunen vart brukt når han i fyrste delen av kulturhussaka representerte kommunen – og i neste gransking var faktagranskar.

AT IKKJE DESSE to forholda er problematiserte meir med tanke på læring i organisasjonen Voss kommune, er me forundra over.

Utan at så grunnleggjande forhold er på plass på ein tilfredsstillande måte, kan ein trekkja grunnlaget for granskingane i tvil.

Dersom ein med rimeleg grunn kan trekkja habiliteten til faktagranskarane i tvil, så er det uheldig.

DET ER OGSÅ ei uheldig dobbeltrolle som er spelt inn vedrørande rådmannen i varslingssaka om kommunalsjefen og kulturhuset.

Rådmannen sette i gang granskinga, og legg då premissar for korleis den skal utførast.

Samtidig er kommunalsjefen som skal granskast, ein av hans næraste medarbeidarar. Og kven er det så som dømer til slutt og trekkjer konklusjonen? Jau, det er også rådmannen.

DET ER IKKJE naudsynt å trekkja namn inn i dette, her kan ein tenkja roller og funksjon. Etter vårt skjøn kan ikkje Voss kommune leva med å ha ein saksgang som dette, om dei ynskjer truverd kring varslingssaker.

DETTE MÅ DEI som har med det å gjera, påpeika. Og til sjuande og sist må kommunestyret gje dei endelege direktiva og etablera rutinar som endrar på dette.

Her bør det vera opplagt at dommaren ikkje skal vera den som sette i gang granskinga og la premissane.

Det bør vera som i det sivile livet, der politiet etterforskar og dei uavhengige domstolane dømer.

DERSOM RÅDMANNEN HAR lagt premissane for granskinga, må andre inn og trekkja konklusjonen.

Tillit til forsvarleg handtering av slike saker er avgjerande.

I VEDTAKET SOM kommunestyret gjorde torsdag, etter framlegg frå ordføraren, heiter det at det over tid må arbeidast med ein openheitskultur og kultur for varsling.

Då er det også grunnleggjande at prosessane i varslingssaker vert handterte på ein tillitvekkjande måte.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.