annonse

Hendingar som forandrar historia

SUKSESS
SUKSESS: Framveksten i Myrkdalen er ein av Voss sine suksessfaktorar, skriv redaktør Geir Geitle. (Foto: Daniel Melve Kvarme)

Nokre augneblink forandrar historia, skriv redaktør Geir Geitle. Eitt av dei var då MøllerGruppen i Oslo bestemte seg for å investera i fjellandsbyen i Myrkdalen.

ÅRET VAR 2001, og Myrkdalen var noko heilt anna den gongen. Ein avsides dal, spesielt vinterstid, prega av fråflytting.

UTAN MØLLERGRUPPEN SIN investeringsvilje hadde det sannsynlegvis ikkje blitt nokon fjellandsby i Myrkdalen. Eller det er stor fare for at han ikkje ville blitt ein slik suksess som han har vorte.

I Hordaland i dag fortel Jan Møller som sat i styret i MøllerGruppen den gongen om korleis dei opplevde situasjonen.

EVEN HEGBOM HADDE hadde ingen lett jobb med å finna dei rette investorane, og i neste omgang å overtyda dei om at prosjektet var liv laga.

Med eit sterkt pågangsmot klarte Hegbom å få gjennomslag.

I DENNE SAMANHENGEN skal ein ikkje underslå at utbygginga var omdiskutert også på Voss. Nokre i Myrkdalen var sterkt imot, og såg korrekt for seg at dalen ville verta endra til noko heilt anna enn han hadde vore.

Dei fleste var likevel for utbygging. Og frå å verta ein fråflyttingsdal, har Myrkdalen vorte eit vintersportssentrum – og meir enn det.

MYRKDALEN HAR I dag fått Voss sitt største hotell målt i gjestedøger, med godt belegg sommar og vinter. Dei har heisar og hytter og til og med sportsbutikk. Og mykje meir skal det verta i åra som kjem.

IKKJE BERRE FOR Myrkdalen har utbygginga fått mykje å seia. For Voss totalt sett har dette vore viktig.

Voss Resort har også bygt ut hytter og fritidsbustader. På Hangur og i Bavallen satsar dei meir enn nokon gong med nytt snøproduksjonsanlegg i år.

RUNDT ÅR 2000 var Voss på veg ut som vintersportsstad. Men med utbygginga i Myrkdalen som lokomotiv, har Voss kome attende.

Voss er vorte større enn Geilo, og pustar andre store skisenter i nakken.

Framveksten i Myrkdalen er ein av Voss sine suksessfaktorar. Parallelt har me fått Voss ski- og tursenter i Skutlesåsen og oppblomstring av ekstremsport. No er også Vossabadet på plass.

190 MENNESKE HAR i dag sin arbeidsplass i Myrkdalen. Ytterlegare arbeidsplassar er skapte i reiselivet elles, og i entreprenør- og byggfirma, slik me såg i Hordaland torsdag.

Fleire tilgrensande næringar nyt godt av høg aktivitet. Me er 800 fleire innbyggjarar på Voss enn under stagnasjonen på 90-talet.

UTVIKLING HAR LIKEVEL sin pris. Utfordringa ligg alltid i samtidig å ta vare på naturen og miljøet og det som gjer bygda spesiell, så ikkje me sagar over greina me sit på. Her får bygda store utfordringar i framtidige prosjekt.

MEN EIN TING er sikkert: Voss og Myrkdalen si historie ville sett annleis ut utan Even Hegbom og Møller-Gruppen. Enkeltpersonar kan forandra historia.

SETT I ETTERKANT, var det eit vedtak som pregar Voss som vart fatta rundt styrebordet i Oslo den gongen i 2001.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.