annonse

Høyr på dei næringsdrivande

BUTIKKAR
BUTIKKAR: – Å driva butikk på Vangen, er ikkje lenger nokon dans på roser. Rekneskapstala som Hordaland presenterte i haust, syner at mange strevar med å få nok inntening, skriv Hordaland i denne leiaren. (Foto: Vidar Herre/Arkiv)

Fleire av dei næringsdrivande på Vangen kjempar ein dagleg kamp for å overleva i konkurransen om kundane.

Derfor er det bra at eit stort fleirtal i kommunestyret torsdag gjekk inn for å parkera siste innspelet om ytterlegare tilstrammingar i Vangsgata.

I FRAMLEGGET TIL klimaplan for Voss var det føreslått at Vangsgata burde vurderast som einvegskøyrt, og som gågate i periodar.

Dei næringsdrivande i Vangsgata reagerte sporenstreks på framlegget og leverte inn protest. Dette har me stor forståing for.

Å DRIVA BUTIKK på Vangen, er ikkje lenger nokon dans på roser. Rekneskapstala som Hordaland presenterte i haust, syner at mange strevar med å få nok inntening.

Konkurransen med Amfi som har gratis parkering i to timar, er tøff, og konkurransevridande. Og på Amfi har dei like mange parkeringsplassar som før.

BERRE I SISTE oppgraderinga av Vangen er endå 10–15 parkeringsplassar forsvunne på Sverresplass og i Uttrågata. Frå før er ei rekkje parkeringsplassar forsvunne i fleire omgangar.

No er det på tide å vareta rammevilkåra for dei som driv handel på Vangen.

ME HAR STOR forståing for at næringsdrivande på Vangen no ber om ro. Vangen har vore ein anleggsplass gjennom lang tid, til frustrasjon for næringsdrivande og kundar.

Å stramma til ytterlegare mot bilbruk, kan gje dødsstøyten til fleire av dei som alt no driv med små marginar.

ME KAN YNSKJA så mykje me vil at folk skal vera villige til å parkera lenger vekke frå butikkane og gå eit stykke.

Men så lenge det finst mange alternativ på Voss der du kan parkera regelrett utanfor døra, og gratis attpåtil, vil mange nytta seg av dei.

Då må ikkje tilhøva gjerast verre for dei som trass alt skal vareta Vangen.

FOR OSS ALLE er det viktig at me har eit levande Vangen, der det framleis føregår handel. Enkelte stader i Noreg står sentrum att som ein spøkelsesby. Dette må me unngå på Voss.

Det er eit viktig poeng at Vangen skal vera for alle, ikkje berre dei som bur nær og lett kan gå eller sykla dit. Mange kjem langt utanfrå med bil, og det må me respektera.

YNSKET OM GÅGATE trur me heng att frå ein annan tidsalder, på 1990-talet, og då var det rett med slike vyar. Då føregjekk stort sett all handel i kommunen på Vangen. Ynsket oppstod lenge før me hadde fått kjøpesenter på Amfi og svære butikkar på Tvildemoen, Palmafossen og i Skulestadmo og Brynalii.

Den gongen var det mykje folk på Vangen.

SIDAN DÅ HAR verda endra seg. No er handelen pulverisert over så å seia heile kommunen. Vangen treng no sårt dei besøkjande dei kan få.

DET ER VIKTIG at me høyrer på dei næringsdrivande. Dei som står midt oppi det, kjenner problema på kroppen.

Og signala deira er heilt klare.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.