annonse

Ja til fjellhytte i Torfinnsdalen

TORFINNSDALEN
TORFINNSDALEN: Hytta er tenkt oppført i nærleiken av steinbua som alt står i Torfinnsdalen. (Foto: Geir Geitle)

Vossingar – og mange andre – er fjellfarande fantar. Ei hytte i Torfinnsdalen, langt bak på Grå-sida slik Voss Utferdslag har søkt om å få setja opp, er etter vår oppfatting, ein god idé.

FYLKESMANNEN I HORDALAND går imot oppføring av hytta. Det er likevel Voss kommune som tek endeleg stilling til søknaden frå utferdslaget.

Og avgjerda skjer når saka snart kjem opp for politisk handsaming her på Voss.

HYTTA ER TENKT oppført i nærleiken av steinbua som alt står i Torfinnsdalen. Ho er planlagt som ei mindre turlagshytte, etter modell frå idylliske Kiellandbu. Den hytta vart sett opp for ti år sidan langs ruta mellom Hodnaberg og Botnen i Hardanger.

Forslaget er spesielt interessant i og med at forretningsmannen Paul-Christian Riber frå Bergen ynskjer å gje hytta til laget. Høvet er turistforeininga sitt 150-årsjubiluem i år, samtidig med at Voss utferdslag rundar 85 år.

TORFINNSDALEN ER EIT spesielt og uvanleg flott fjellområde, med ein rik fauna. Det var her botanikaren Johannes Lid og kona Dagny Tande Lid for mange år sidan tilbringa mykje tid, og henta inspirasjon til arbeid og kunst.

URØRT NATUR, slik Fylkesmannen argumenterer for, er flott. Men ei lita hytte, slik det her er tenkt, vil neppe skada idyllen, men tvert imot bidra til at folk får nyta denne naturen.

Hytter og stølar som er sette opp på ein forstanding og god måte, vert etter kvart kulturhistorie. Det er triveleg å koma til slike hytter, anten ein overnattar eller berre går forbi. Berre sjå på populariteten til stølsturane i distriktet siste åra.

Det er gjerne kombinasjonen av flott natur og menneskeskapte kulturminne som skaper ein ekstra verdi.

SAMTIDIG SKAL EIN sjølvsagt ta vare på naturen. Det same gjeld næringsinteressene til bøndene og beitande husdyr i området.

EIN MÅ OGSÅ vera klar over at området er vêrhardt og til tider ekstremt. Det krev at tryggleiken er ivareteken, slik grunneigarlaget har trekt fram. Ei påminning i så måte, er at fire menneske omkom under hauststorm i desse traktene i september 1950.

VOSS KOMMUNE AVGJER søknaden. Dei folkevalde bør vurdera å gå imot Fylkesmannen si tilråding og gje løyve for hytta til glede og nytte for folk flest.

Hordaland og naturvern:

I siste avisa før påske fekk Hordaland kritikk for ei sak om overføring av to vatn på Gråsida. Det er godt mogleg at lesarbrevskribenten har rett.

Samtidig vil me tilføra fylgjande: Me handterer ei så stor mengde saker at me ikkje kan engasjera oss like sterkt i alle. Men me er alltid opne for innspel om det er saker me bør setja inn ressursar på. Då er det likevel ein fordel om innspela kjem tidleg i prosessen, slik at det er sjanse til å påverka dei som til slutt skal fatta vedtaket.

Me har omtala denne saka fleire gonger sidan 2014. I dette tilfellet har me likevel ikkje registert at nokon har kontakta oss frå naturvernhald tidlegare i prosessen. Og når vedtaket er gjort på høgste hald, etter ein lang prosess, er det uansett for seint.

Då er det ikkje så mykje anna å gjera enn å fortelja at vedtaket er gjort, og kva konsekvensar det får.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.