annonse

Jubileum for friluftselskande folk

UT PÅ TUR
UT PÅ TUR: Meir enn nokon gong tidlegare søkjer folk ut i naturen, fylgjer raude T-ar og overnattar på DNT-hytter. (Foto: Marit Eide/Arkiv)

I vår tid har fjellvandring blitt ei folkerørsle. Mykje av årsaka er turistforeininga og lokale eldsjeler sin dugnadsinnsats.

Berre i fjella på Voss finst 400 kilometer med T-merkte stiar. I nabokommunane våre og utover i landet finst mykje, mykje meir.

Mange frivillige har lagt ned ein kjempeinnsats for at du og eg og mange andre skal boltra oss på storslegne turar i fjellet.

DEN NORSKE TURISTFORENING feirar 150-årsjubileum denne helga. Dei er hovudorganisasjonen for mange lokale lag som mellom anna Voss utferdslag og det nyskipa Vaksdal turlag, som me kunne sjå frå Bergsdalen på fjernsynet torsdag.

I TIDLEGARE TIDER var fjellvandring ein eliteprega og eksklusiv aktivitet. Det var stort sett dei få og rike som nytta seg av herlegdomen i naturen vår.

Men i vår tid har fjellvandring blitt ei folkerørsle. Mykje av årsaka er turistforeininga og lokale eldsjeler sin dugnadsinnsats.

OPP GJENNOM ÅRA har dei lagt til rette med merkte turstiar. Dei har sett opp bruer som gjer det trygt å koma fram der skumle elvar tidlegare utgjorde eit stengsel.

Rundt 500 hytter er bygde opp på landsbasis. Sju av dei ligg på Voss, og mange fleire i nabokommunane.

Det er lett å gløyma innsatsen som ligg bak når alt ligg der ferdig og klart til bruk. Alt dette har opna opp eit eldorado for folk flest.

DET SOM TIL TIDER har vore sett på som ein traust og gammaldags aktivitet, har blitt meir og populært enn nokon gong.

Voss utferdslag noterer nok ein gong rekordhøgt medlemstal.

HEILE 1400 MEDLEMER har Voss utferdslag ved årsskiftet. Det vil seia kvar tiande innbyggjar i kommunen. Det seier noko om posisjonen.

Den sterke oppslutnaden gjeld også laga i Vaksdal, Ulvik og Granvin.

Og langt fleire enn medlemene nyttar seg av laga sine tilbod.

I TILLEGG TIL dei vanlege sundagsturane, veks nye aktivitetar fram og treffer folk flest i endå større grad. Stølsturane har blitt reine farsotten i heile området vårt. I tillegg kjem fjellsportgrupper, seniorturar og turar for unge.

I 2017 avvikla til dømes DNT Ung sitt landsmøte på Voss.

PIONERANE I TURISTFOREININGA med si interesse for friluftsliv og hang til å vandra i fjellet, sova i små hytter og feriera i Noreg, trefte tydelegvis den norske folkesjela.

I 2017 FEIRA organisasjonen ein medlemsvekst som sprengjer alle grenser. Siste oppteljinga viser 304.112 medlemer, ein auke på over seks prosent samanlikna med året før.

Meir enn nokon gong tidlegare søkjer folk ut i naturen, fylgjer raude T-ar og overnattar på DNT-hytter.

SUNDAG ER DEN store jubileumsdagen. Den skal feirast, og også i vårt område vert det fleire aktivitetar.

Me ynskjer alle hjarteleg til lukka, og håpar at den fine utviklinga held fram.

I vår tid med stress, tidspress og stillesitjing ser 150-åringen til å vera meir aktuell enn nokon gong.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.