annonse

Krigen om Bømoen

PRINSIPP
Bømoen: «Det må vera eit ufråvikeleg prinsipp at vanlege spelereglar får rå, der alle står fritt til å hevda sitt syn. Tanken bak denne samfunnsordninga er at ulike meiningar og synspunkt gjer at ein kjem fram til løysingar me i fellesskap er best tente med. Også Bømo-utbygginga vil stå seg best på å vera tufta på slike prinsipp», skriv redaktør Geir Geitle i denne leiaren. (Foto: Vidar Herre)

Vossepolitikarane får torsdag ei nøtt i hendene når det gjeld framtida til Bømoen, skriv redaktør Geir Geitle.

MANGE PÅ VOSS vil sannsynlegvis ha teke imot med glede Rådmannen si tilråding om berre å gje løyve til utbygging av 200 bustader, om å seia nei til butikk-handel og å redusera næringsutvikling noko.

Bømoen er ei perle når det gjeld friluftsliv, og er eit tilbod året rundt som har mykje å seia med rein helsebringande effekt for vossingar og andre som nyttar seg av fasilitetane.

DEN STORE FRYKTA til mange har vore at sjølvaste juvelen, Bømoløypa, skulle forsvinna i prosessen med å utvikla Bømoen. Dette har planleggjarane på eit tidleg stadium sagt ikkje var aktuelt.

Tvert om lova dei at Bømoløypa skulle byggjast ytterlegare ut og gjerast meir attraktiv. Dette har dei fylgt opp i planen som er presentert.

TALET 1000 BUSTADER har vore sagt mange gonger undervegs i prosessen, talet 500 har også vore nemnt. Men aldri 200, før no, ifylgje arkitekten som har hovud-ansvaret for planen.

For både eigarane av Bømoen og AS og arkitektane som i fleire år har arbeidd med planen, kjem derfor tilrådinga som eit sjokk, av forståelege grunnar.

OG: FYLKESMANNEN I Hordaland gjorde i 2014 det klart at han forventar eit vesentleg tal bustader i Bømoen.

LIKEVEL HAR DET også vore sagt i eit formannskapsvedtak i 2011 at bustadbygging ikkje skal prioriterast. Det har også vore sagt at politikarane i Voss kommune sit med handa på rattet som dei som skal godkjenna den nye reguleringsplanen for Bømoen til sjuande og sist.

MEN: DERSOM DET heile tida har vore intensjonen til dei styrande i Voss kommune at her berre skulle byggjast 200 bustader i Bømoen, kvifor er ikkje dette gjort klinkande klart overfor planleggjarane for lenge sidan?

Det er merkeleg om dette ikkje har vore spelt inn til arkitektane alt i startfasen. Og spesielt etter at delplanane med opp til 1000 bustader vart presenterte. No er fleire tusen arbeidstimar lagt ned, og millionar av kroner brukt opp på planlegging som kan ha vore gjort på uklare premiss.

Å OPPTRE FØRESEIELEG, har noko med moral og etikk å gjera. Om planleggjarane her kjenner seg haldne for narr, vil det vera forståeleg. Når dei skal jobba i fleire år med å utarbeida ein uvanleg omfattande plan, bør ein ha grunn til å forlanga at signala ein får eller ikkje får, er dei som ein har å halda seg til.

PÅ DEN ANDRE sida: Bømoen er eit friluftseldorado. Det må takast vare på. Dei velrenommerte arkitektane har gjort ein svært omfattande og grundig jobb, og meiner begge delar kan kombinerast.

Planen skal ut på offentleg høyring, og skal ikkje vedtakast no. Det ligg an til dragkamp framover om korleis det tidlegare militære området skal nyttast.

EIN TING ER er heilt sikkert, og det er at siste ordet definitivt ikkje er sagt i krigen om Bømoen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.