annonse

Kvalen døydde ikkje forgjeves

PLUKKA BOS
PLUKKA BOS: Frå bosryddeaksjonen ved Vangsvatnet tidlegare i veka. (Foto: Geir Geitle)

Kvalen som var full av plast og som døydde i havet ved Sotra utanfor Bergen, har fått oss til å vakna.

Endeleg har me forstått kor gale det er med plasten og alt anna skrot som me fyller vatna, fjordane og hava våre med.

MANGE STADER RUNDT rundt om i landet har det fått folket til å gjera noko sjølve. Denne veka har me fått oppleva at engasjementet er sterkt også i vårt område. Ved Hardangerfjorden plukka 180 elevar frå Nye Voss vidaregåande skule avfall til den store gullmedalje torsdag. Slik me forstår det, vart dei nesten overvelda sjølve. Over at det fanst så mykje skrot og avfall i og ved sjøen. Skrot og avfall som kan vera ein trugsel for livet i havet, og som ikkje minst påfører uskuldige dyr, fuglar og fiskar ufattelege lidingar før dei stryk med.

PÅ VOSS FYLGDE fylgde Voss Naturvernlag og Voss Kajakklubb opp med ryddeaksjon i vår heimlege storstove, i Prestegardsmoen ved Vangsvatnet. Sjølv om det slett ikkje såg verst ut på førehand, fann dei mange frammøtte bosplukkarane mykje plast som dei fekk rydda vekk.

DET ER FANTASTISK å sjå eit slikt engasjement som mange viser. Når det gjeld skuleungdomane, sit me att med eit inntrykk av at situasjonen gjekk over frå teori til praksis.

Å SITJA I eit klasserom og snakka om avfall og miljøvern, er éin ting. Å vera ute i naturen, sjå kor gale det kan vera enkelte stader, og attpåtil få eit konkret oppdrag om å rydda opp, er noko anna.

DÅ SET ME ut i handling det som mange tenkjer på og snakkar om. Og då får også elevane eit inntrykk av kor skremmande uviklinga kan vera.

KVALEN SOM OMKOM utanfor Sotra, hadde 30 plastposar i buken. Biletet har gått verda rundt, og sett ein støkk i mange. Fleire tek til orde for at Noreg må gå føre med konkrete tilbak i vårt eige land, og jobba internasjonalt for å stogga utsleppa av plast i havet.

NORSK POLARINSTITUTT melder at plast også er byrja å verta eit stort problem så langt nord som ved Svalbard. Sjøfuglen havhest er ein av artane som lir av plastmengdene i havet. I Nordsjøen har 95 prosent av havhestane plast i magane, ifylgje polar-instituttet.

DEI TRUR AT ureiing i havet drep meir enn éin million sjøfuglar per år, hundre tusen sjøpattedyr og eit ukjent tal fisk og skipladder.

I VÅRE TRAKTER kan me ikkje gjera all verda, men alle kan gjera litt. Om alle gjer litt, så vert det mindre ille. All plast som kjem ut i naturen hjå oss, tek vegen til havet. Derfor er det viktig også kva me gjer.

DERFOR ER DET også oppmuntrande å sjå det ungdommelege pågangsmotet og stå på-viljen som mange har vist i området vårt denne veka.

NO SIT ME alle med den store utfordringa for framtida. Det er å hindra at plast, spesielt, men òg andre typar avfall, kjem på avvegar og ut i naturen der det kan gjera ufatteleg stor skade.

ME ER MIDT inne i strandryddeveka. I dag, laurdag 7. mai, er det strandryddedag i heile Norden. Det er berre å stå på vidare.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.