annonse

Må ta ansvar for støysituasjonen

FLYSTØY
FLYSTØY: – Som ansvarleg for drifta av flyplassen, kan Voss kommune ikkje unndra seg ansvaret. Me oppmodar til eit samspel med involverte partar for å løysa saka til bygda sitt beste, skriv Hordaland på leiarplass. (Foto: Ingerid Jordal/Arkiv)

Tidlegare kommuneoverlege Reidar Berge går i avisa i dag ut og meiner Voss kommune har svikta sitt ansvar når det gjeld støyproblema ved Bømoen. Når han gjer det, er det verdt å lytta.

Spesielt når ein ser uttalen i samanheng med at fleire titals bebuarar nær Bømoen også har ropt varsku om støy mange gonger. Seinast skjedde dette under høyringa til områdereguleringsplanen for kort tid sidan.

OM VOSS KOMMUNE har svikta ansvaret sitt, er det kritikkverdig.

Støyproblem ved ein flyplass kan ikkje avfeiast. Støy ber ulikt, og rammar nokre meir enn andre. Om enkelte opplever det som problemfritt, kan ein ikkje slå fast at dette ikkje er eit problem for nokon.

Alt etter kvar ein bur, kan støyen variera veldig.

NÅR REIDAR BERGE vel å gå ut på denne måten, er det med kjennskap til helseproblem knytt til støyen. Han reiser saka med bakgrunn i Folkehelselova, og poengterer at støy påverkar helse og trivsel.

Ein rapport frå WHO viser at støy kan medføra tapte leveår og uførleik.

SLIK EIN KAN tolka trafikktala for Bømoen, har trafikken auka meir enn pårekneleg for huseigarane. Voss kommune kan ikkje ha hatt full oversikt over trafikkmengda.

AT STØYPROBLEMA MÅ takast på alvor, treng likevel ikkje å tyda at flytrafikken på Bømoen må vekk. Luft- og ekstremsportaktiviteten er ein svært viktig del av Voss.

Den skaper liv og farge og trekkjer til seg attraktive innbyggjarar. I tillegg skaper dei store næringsinntekter som me alle nyt godt av.

LIKEVEL MÅ SITUASJONEN takast på alvor.

Luftsportarane må engasjera seg aktivt for å møta problemet, men må etter vår oppfatning få rimeleg tid på seg. Meir støysvake flytypar, propellar med fleire blad, og ulike tilpassingar kan vera noko av løysinga. I tillegg vil el-fly koma.

ENDRINGANE MÅ SKJE så snart som råd. Luftsports-miljøet må verkeleg vera på offensiven og visa vilje til å redusera støyen og ivareta omgjevnadene.

Samtidig må styresmaktene fylgja opp med kontrollar og –krav– slik at dei som bur rundt flystripa veit at dei kan venta seg lågare støynivå.

SOM ANSVARLEG FOR drifta av flyplassen, kan Voss kommune ikkje unndra seg ansvaret.

Me oppmodar til eit samspel med involverte partar for å løysa saka til bygda sitt beste.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.