annonse

Manglande avis laurdag

BER OM ORSAKING
BER OM ORSAKING: – Me har teke den manglande leveringa på m.a. Vossestrand opp med Kvikkas, og me skal saman gjera vårt beste for at avisa kjem ut til alle fyrstkomande laurdag, seier dagleg leiar Trond Syversen og redaktør Geir Geitle. (Foto: Vidar Herre/Arkiv)

– Me ber om orsaking for at avisa ikkje vart levert som venta, skriv Trond Syversen og Geir Geitle i Hordaland.

Hordaland syner til lesarinnlegg frå Per Backer i tysdagsavisa der han tek opp at han ikkje har fått avisa på dei to siste laurdagane. Me vil takka for at Backer tek saka opp med oss. Me ber om orsaking for at avisa ikkje vart levert som venta.

Hordaland har eit sterkt ynske om å laga ei god papiravis som kjem fram til alle abonnentar så snart som det er praktisk mogleg. Uansett bustadadresse er me avhengige av å få ei tilbakemelding frå abonnentar som ikkje har fått avisa. Me nyttar i saman med distributørane våre informasjonen om manglande avis til å betra leveransekvaliteten. Difor vil me, på same måte som Per Backer gjer, oppmoda alle som ikkje har fått avisa om å melda frå til oss!

Avisleveringa som Kvikkas har utført i vårt lokalområde dei to siste laurdagane har vore prega av forseinkingar og manglande leveransar. Ordninga med leveringa av laurdagsaviser i såkalla grisgrendte strok er regulert gjennom ein anbodskonkurranse i regi av samferdselsdepartementet. Selskapet Kvikkas tok frå 5. november 2016 over den statlege konsesjonsordninga etter Posten. Kravet er at Kvikkas skal levera avisa på laurdagar innan kl. 1700.

Klagane me har teke imot frå abonnentane for laurdag 18. november syner klart at leveringskvaliteten har vore for dårleg, spesielt på Vossestrand. For Vossestrand opplever me at om lag tre og ein halv prosent av abonnentane har meldt inn til oss at dei ikkje har fått avisa på laurdag. Hordaland si målsetjing er at avisa skal fram i rett tid og i rett postkasse til alle abonnentar. Dette er vår viktigaste argumentasjon i møte med distributørane. Heldigvis er også Kvikkas av den same oppfatninga. Dei ynskjer tilbakemelding for å verta betre. Den tilbakemeldinga får dei via abonnementsavdelinga i Hordaland.

Backer forlanger i lesarbrevet at Hordaland reduserer prisen på abonnementet neste gong det vert sendt ut faktura. Han har eit framlegg om eit avslag i abonnementsprisen på fem prosent for kvar dag avisa ikkje vert levert. Hordaland har alt ei slik kompensasjonsordning. Dersom abonnenten melder frå om at avisa ikkje er levert, vil Hordaland godskriva abonnenten det som er betalt for avisa i tilsvarande tidsrom. Alternativt kan abonnenten få levert avisa på neste distribusjonsdag. Derfor vil me igjen oppmoda abonnentane om å melda frå til oss på e-post eller telefon når avisa ikkje kjem fram.

Backer har og eit framlegg om å endra utgjevingsdagane frå tysdag, torsdag og laurdag til måndag, onsdag og fredag. Hordaland gjer kvart år ei vurdering av utgjevingsplanen. Pr. i dag opplever me at utgjevingsdagane er så godt innarbeidde både hjå lesarar, annonsørar, distributørar og i vår eigen avisproduksjon at me ynskjer å halda fram med laurdagsavis. Det er dermed ikkje sagt at det ikkje kjem endringar. Me er m.a. uroa over at det kan koma nye endringar i Posten si distribusjonsordning som vil gjera det vanskeleg å få avisa levert på fleire av vekedagane.

Hordaland ber om orsaking for ulempene avisleveringa med Kvikkas har fått for lesarane våre dei to siste laurdagane. Me har teke den manglande leveringa på m.a. Vossestrand opp med Kvikkas, og me skal saman gjera vårt beste for at avisa kjem ut til alle fyrstkomande laurdag.

Til slutt: Takk til deg Per Backer for at du bryr deg om lokavisa di og for at du gjev oss tilbakemeldingar slik at me kan verta betre!

Trond Syversen og Geir Geitle

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.