annonse

Maten heim att, men 2020 er for seint

MAT TIL ELDRE
MAT TIL ELDRE: – Middagslevering fyrst i 2020 vil seia meir enn to år til med kok og kjøl-mat henta frå Bergen, skriv redaktør Geir Geitle. Biletet frå 30-årsfeiringa på sjukeheimen er brukt som illustrasjon. (Foto: Siri Flatlandsmo)

Kampen har vore lang, men endeleg kjem resultatet­ mange på Voss gler seg over.

Maten til eldre på institusjonar og til heimebuande som ynskjer det, skal igjen produserast på Voss.

EITT SKÅR I gleda er likevel at det enno er langt fram. Middagslevering fyrst i 2020 vil seia meir enn to år til med kok og kjøl-mat henta frå Bergen. Mange av dei eldre­ som i dag er på institusjon, vil aldri få gleda av faste middagsleveransar frå Voss.

LIKEVEL: DEI FOLKEVALDE på Voss fortener fyrst og fremst honnør for å ha teke saka dit ho er no. Dei har vist kven som styrer i kommunen.

Og dette gjeld alle politikarane, frå Raudt til Framstegspartiet. Her har vore ei unison samling.

Hugs at innstillinga frå Rådmannen i fjor haust var å underteikna ein ny langtidsavtale med Matvare­huset i Bergen. I staden får me ei lokal løysing i tråd med moderne­ og viktige prinsipp for god eldreomsorg.

NÅR PENGANE TIL ny kjøkkensjef no kjem på plass i budsjettet for neste år, så er avgjerda fatta og loddet kasta. Eit gledeleg element er også at arbeidsgruppa meiner det kan verta billegare å laga maten her på Voss.

MEN VIKTIGE SPØRSMÅL står att. Er det rett å byggja nytt institusjonskjøkken på Vetleflaten?

Kvifor ikkje heller nytta kjøkkenet på Bømoen som står der fiks ferdig, og som kan gje lokal middags­produksjon mykje raskare?

DET KOSTAR MYKJE pengar å byggja eige, kommunalt kjøkken på Vetleflaten. I tillegg kan det henda det opptek viktig byggjeareal som i staden kunne vore nytta til omsorgsbustader.

Voss treng fleire omsorgsbustader, og å byggja flest mogleg av dei på Vetleflaten, er ei god løysing.

På den andre sida finst det positive sider med å byggja­ eige kjøkken på Vetleflaten.

Med kafé og nye omsorgsbustader i tillegg, kan dette verta eit svært triveleg eldresenter.

Å KJØPA MATLEVERANSANE frå andre, t.d. Kveik, har vore nemnt. Men å kjøpa maten frå eksterne er problemfylt­ i og med at oppdraget då må ut på anbodskonkurranse med berre nokre få år imellom.

Kvam herad opplevde nyleg at deira lokale mat­leverandør gjennom mange år måtte gje tapt i priskonkurransen, og at maten heretter skal kjøpast frå Bergen.

MED EIGA KJØKKENDRIFT får Voss kommune full kontroll­ over situasjonen.

Spørsmålet er om sjølve kjøkkenet kunne leigast i staden­ for å byggja sjølv.

Å TA I bruk kjøkkenet i militærleiren i Bømoen må derfor også vurderast grundig i tida som kjem.

For det fyrste av økonomiske årsaker for kommunen­, og av samfunnsøkonomiske årsaker. Men også for at det kan gje oppstart av kommunal kjøkkendrift så snart kommunen vil.

I DET MINSTE kunne kommunen leiga på Bømoen til dess eige kjøkken eventuelt står klart. Så kjøper dei seg også betre tid til å vurdera den endelege løysinga.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.