annonse

Mest spennande valet på lenge

VALDAGEN ER HER
VALDAGEN ER HER: Årets stortingsval vert det mest spennande på lenge, skriv redaktør Geir Geitle i denne leiaren. (Foto: Vidar Herre/Arkiv)

Stortingsvalet 2017 ligg an til å verta ein thriller.

Både Jonas Gahr Støre i Arbeidarpartiet og Erna Solberg i Høgre møter motbør, og det er usikkert kva veg det ber.

Samtidig er det stor rørsle i partilandskapet. Senterpartiet har gått både opp og ned, men ser iallfall på Voss ut til å gjera eit brakval. Korleis oppslutnaden vert i den store samanhengen, er derimot meir usikkert.

169 REPRESENTANTAR SKAL veljast til Stortinget. For kvart distrikt er det viktig å ha politikarar som kan tala deira viktige saker.

Vår region har tre kandidatar som ligg på vippen til å få plass.

NILS T. BJØRKE har sjansar til å koma inn frå Senterpartiet. Om me etter valet skulle få ei raud-grøn regjering, skal du heller ikkje sjå vekk frå at bonden frå Bjørke endar opp som samferdselsminister. Eller landbruksminister.

Bjørke har gjort ei rask karriere etter at han bestemte seg for å gå inn i politikken. Utan vidare vart han leiar for samferdselsutvalet i fylket. Her har han fått K5-saka i fanget. Meiningsmålinga Hordaland presenterer i dag, er ei solid fjør i hatten til Bjørke.

TERJE BREIVIK SI framtid er også usikker. Ulvikjen er tillitvekkjande og gjer ein grundig og god jobb, men hadde litt uflaks med at Venstre er ein del av K5-floken til regjeringa.

Om Breivik får fire nye år på Stortinget, er eitt av dei store spørsmåla. Men me håpar knivsliparen frå Ulvik gjer det skarpt også valnatta.

LINDA MERKESDAL MONSEN er den tredje som kan enda opp med stortingsplass. Ho er nr. 6 og får neppe plass direkte. Men dersom Ap dannar regjering etter valet, kan Jette Christensen frå Bergen få ein ministerpost. I så tilfelle har Linda gode sjansar for å møta på Stortinget som fast møtande vararepresentant.

ME I VÅRT distrikt har altså alt å røysta for. Mandata til våre tre kandidatar kan vera med å avgjera kven som får fleirtalet på Stortinget, og våre røyster er viktige.

Det viktigaste er å røysta. Det finst neppe nokon politikar eller parti som ein er samd med i alt, men det finst nokon som ein har meir sansen for enn andre.

SJØLVSAGT KAN EIN fylgja den passive modellen og seia at politikarane er så håplause at ein ikkje vil røysta. Det er likevel ei dårleg løysing. Demokratiet er styreforma i vårt samfunn, og sjølv om den ikkje er fullkomen, er den likevel den beste me har klart å koma fram til per i dag.

For dei som synest politikarane er håplause, er det fritt fram å gå inn og prøva å gjera ein betre jobb sjølv.

AT ME FÅR dei politikarane me fortener, er kanskje ei gylden sanning.

Me ynskjer våre tre kandidatar lukke til.

Og alle veljarane ynskjer me eit aktivt, deltakande og godt val.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.