annonse

No må NSB setja ned prisane på togreiser

LEIAR:
LEIAR: – I dag kostar det over 400 kroner tur-retur for ein ­vaksen mellom Voss og Bergen. Det er for mykje, skriv Hordaland på leiarplass. (Foto: Arkiv)

Prisane for bussreiser vert billegare i heile Hordaland. Dette har fylkestinget avgjort. Mellom anna går prisen på ein bussbillett mellom Voss og Bergen ned frå 200 til 97 kroner.

FØREMÅLET MED ENDRINGA er å få fleire til å reisa ­kollektivt, og redusera personbiltrafikken.

Det er positivt, sjølv om nokre nok vil synast det er uheldig om reisande skal velja buss i staden for tog. Det trur me er liten risiko for, sidan busstilbodet mellom Voss og Bergen er heller dårleg.

VIKTIGARE ER DET at det går buss også mange andre ­stader der det ikkje går tog, som gjennom Hardanger og til Sogn. Her er det mange reisande som får nyta godt av rimelegare bussbillettar.

Det er også viktig at billettsystema vert gode og ­enkle.

MEN IKKJE BERRE bussbillettane har vore for dyre. Også togbillettane er altfor dyre – om dei styrande i landet verkeleg ynskjer å flytta fleire frå privatbilen og over til kollektivreiser.

I DAG KOSTAR det over 400 kroner tur-retur for ein ­vaksen mellom Voss og Bergen. Det er for mykje.

Dersom meir enn éin skal reisa, vert som regel bilen vald som framkomstmiddel. Sjølv om alternativet er farlege E16.

TOGREISER ER GENERELT dyre. Til og med fly er konkurransedyktige mot dei prisane som NSB opererer med.

Om Noreg verkeleg vil vera miljøvenleg, bør prisane også for togreiser senkast slik at dei vert ein skikkeleg spore til å lata bilen stå, og ta toget i staden.

NOKO AV PENGANE dette ville kosta, kan me henta ved å slutta å gje avgiftslette for dei aller dyraste el-bilane. Dette er luksusbilar som er tilgjengelege til altfor låge prisar, fordi staten kuttar avgiftene.

EIN PRISREDUKSJON SOM monar på togreisene ville vore eit meir folkeleg tilbod enn å subsidera penge­sterke folk som kjøper luksusbilar som det krevst store og miljø­belastande ressursar for å byggja.

God distriktspolitikk vil det også vera.

MED BILLEGARE TOGREISER ville Noreg framstå som eit meir truverdig miljøvenleg land.

Så dyrt som det er å reisa med tog i Noreg, kan det verka som om styresmaktene ikkje heilt trur på miljø­trugsmåla dei sjølve snakkar så mykje om.

Dessutan er det kjekt å reisa kollektivt. På ei reise med mange andre folk veit du aldri kven du møter ­eller kva som skjer.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.