annonse

No trengst diplomatiske samtalar

BØMOEN
BØMOEN: – Konflikten rundt Bømoen er i ferd med å verta ei uvanleg dårleg sak for Voss. Både idrettsmiljøet og heile bygda kan verta taparen, dersom ikkje nokon finn fram til meir konstruktive framgangsmåtar, skriv Hordaland på leiarplass. (Foto: Vidar Herre/Arkiv)

Situasjonen kring Bømoen nådde eit nytt kontroversielt toppnivå då Bømoen AS denne veka sa nei til ny avtale med Sameiga Bømoløypa.

Dugnadsfolket i sameiga har i ei rekkje år halde Bømoløypa i stand.

Det er forståeleg om mange reagerer med sinne, frustrasjon og med å setja piggane ut.

SAMTIDIG ER DET no kanskje på tida at einkvan frå utsida grip inn og ber om diplomatiske samtalar i rolege former. Voss har i så måte ei politisk leiing med ein dugande ordførar i spissen.

Kanskje kunne han ta initiativ som kunne føra til eit betre samarbeidsklima, eventuelt med hjelp utanfrå.

KONFLIKTEN RUNDT BØMOEN er i ferd med å verta ei uvanleg dårleg sak for Voss. Både idrettsmiljøet og heile bygda kan verta taparen, dersom ikkje nokon finn fram til meir konstruktive framgangsmåtar.

FOR DET FYRSTE: Bømoen AS eig Bømoen, og eigedomsretten står sterkt. Det vil likevel ikkje seia at dei kan gjera som dei vil.

OG BERRE SÅ det er sagt: På mange vis har Bømoen AS opptredd uprofesjonelt i seinare tid. At dei ikkje klarer å handtera usemje og motstand på ein annan måte enn det som står fram som ei klappjakt på enkeltpersonar, organisasjonar og verksemder, er svært amatørmessig. Det svekkjer berre deira eiga sak.

SAMTIDIG SKAL ME hugsa på eit par ting. Dei er entreprenørar, ikkje diplomatar. Dei uttrykkjer seg tøft.

DESSUTAN BYGGJER DEI truleg si planlegging av Bømoen på moglegstudien frå 2011 med eit mindre bustadområde innteikna. Og signal som kom frå Fylkesmannen for nokre år sidan om stor folketalsvekst.

FYLKESMANNEN SIN KONGSTANKE var at Voss skulle verta forstad til Bergen. Med mange nye innbyggjarar på Voss, og stor bustadbygging, skulle folkeveksten med pendling vera brekkstong for raskare tog og bane Voss–Bergen.

TRULEG VAR DET med desse signala som bakteppe at dei utvikla planane saman med arkitektane. No er situasjonen endra med langt lågare venta folketalsutvikling.

Det er likevel viktig å ha med seg denne kunnskapen i bakhovudet.

NO ER KONFLIKTEN i ferd med å verta øydeleggjande. Bømoløypa kan forfalla litt og litt over tid om ikkje noko konstruktivt skjer. Det ville vera katastrofe.

ALLE PARTAR HAR interesse av at Bømoløypa vert halden ved like, og til og med utvikla. Alle ynskjer det. Ho er eit fantastisk gode for Voss.

Bømoen AS bør også ynskja det. Om det ein gong vert aktuelt med bustadbygging, har dei sjølve interesse av ei skiløype som går rett forbi bustadene vintersdagen. Eller jogge- og sykkelløype sommarstid.

Å KRANGLA FOR open scene for heile landet, slik dette alt har eskalert til, fører ikkje fram. Då vil partane berre verta sitjande meir og meir isolerte på kvar sine øyer.

ME MÅ TA inn over oss at Bømoen AS eig Bømoen, og at me her i landet har solid tradisjon for å vera ein smule audmjuke når me ferdast på andre sin eigedom. Det var inga kjære mor før heller i Bømoen, då Forsvaret rådde grunnen.

SAMTIDIG MÅ BØMOEN AS ta skeia i ei heilt anna hand. Dynamitt fører kanskje fram i anleggsbransjen, men er i overført tyding ikkje eigna i samspel med eit uvanleg dugande, engasjert og velmeinande lokalsamfunn.

DIFOR ER DET på tide at nokon utanfrå grip inn. Borgarkrig på Voss er det siste me treng. Her trengst innsats frå folk med velutvikla diplomatiske evner.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.