annonse

Ny tid på nett og papir i Hordaland

NYE TIDER
NYE TIDER: Hordaland, saman med mange andre lokalaviser i området, har gått i eit teknologisk partnarskap med Agderposten medier. Dette er for å driva meir rasjonelt i ei økonomisk krevjande tid, skriv redaktør Geir Geitle. (Foto: Vidar Herre)

Ei stor omlegging har funne stad i Hordaland denne veka. Me har teke i bruk nytt produksjonssystem, som gjev oss eit nytt andlet på nett og papir.

TIDENE FORANDRAR SEG i mange bransjar, og media er ein av dei som merkar det mest.

Kravet til stadig produksjon av nyhende og reportasjar aukar.

Me skal vera på hogget nær sagt 24 timar i døgeret. Samtidig flatar inntektene ut for alle.

DETTE STILLER SKJERPA krav til å driva meir rasjonelt. Ny teknologi gjer dette mogleg, men teknologien er krevjande å utvikla.

Derfor har Hordaland, saman med mange andre lokalaviser i området, gått i teknologisk partnarskap med Agderposten medier.

RESULTATET HAR KOME denne veka med ny utsjånad på alle utgåvene våre.

Me håpar at du som lesar vil ta godt imot det nye, sjølv om me også veit at avislesarar jamt over er konservative og ynskjer at ting skal vera som dei har vore.

VED AT FLEIRE aviser går saman, kan me gå inn i den nye tida med større optimisme.

Målet er at produksjonen skal gå smidigare, samtidig som resultatet vert betre for lesarane.

Dessutan er det viktig for oss at lesarane skal få enklast moglege løysingar. Å logga seg inn på låste saker på nettet, skal verta lettare. I tillegg opnar me no den digitale utgåva av Hordaland tidlegare.

Heretter kan du lesa e-avisa alt klokka 22 kvelden før papirutgåva ligg i postkassa. Me håpar tilbodet vert teke godt imot.

SOM ANDRE SOM produserer varer og tenester, kan heller ikkje Hordaland leva utan å ta betalt for arbeidet.

Denne fyrste veka etter omlegginga, legg me ut alt innhaldet vårt på nett ope, slik at alle kan lesa det gratis. Men frå onsdag av vil det endra seg. Å laga avis er ikkje gratis. Som dei fleste i bransjen gjer, må me ta betalt for artiklar og reportasjar som me bruker ressursar på å skapa.

OMLEGGINGAR OMFATTAR OGSÅ abonnement- og annonsesystem.

Nokre av abonnentane våre har opplevd mangelfull levering av avisa i samband med dette.

Me er ekstremt lei oss for dette. Me ber på det djupaste om orsaking for ulempene det medfører, og forsikrar at me arbeider det me kan for å retta opp i situasjonen.

I mellomtida tillet me oss å minna om e-avisa som eit tilbod til våre abonnentar om papiravisa skulle utebli ein dag.

TEKNOLOGI ER ÉIN ting, innhald er noko anna.

I ein overgangsfase er det mykje nytt å læra for oss som arbeider med å laga artiklane og avisa.

Når me får den nye arbeidsmåten meir automatisert, ser me fram til å gje lesarane eit innhald som me vonar vert endå meir attraktivt enn før.

Geir Geitle

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.