annonse

Ny tunell bør auka trafikken over brua

OPNA FOR MEIR TRAFIKK
OPNA FOR MEIR TRAFIKK: Jobergtunnelen opna fredag morgon. (Foto: Ingvild Siglen Berger)

Med Hardangerbrua og nye tunellar ferdige, ligg det betre til rettes for å køyra til Oslo gjennom Hardanger og over vidda. Då bør det skiltast tydelegare den vegen som dessutan er klart kortare.

I går opna endeleg Jobergtunnelen mellom Seim og Holven i Granvin. Tunellen har vore ferdigbygd sidan før sommarferien. Mange har undra seg over at det skulle ta meir enn to månader etterpå før trafikken fekk sleppa gjennom. I går kom endeleg dagen.

Med dette er ei solid rekkje av nye tunellar og utbetringar av vegane mellom Voss og Hardanger ferdige.

JOBERGTUNNELEN FØYER SEG inn i ei rekkje som starta med Tunsbergtunnelen forbi Skjervet, og heldt fram med Folkedalstunellen forbi Haukanesberget og Bjørgatunellen forbi Lussand.

Alle desse var kronglete og rasfarlege strekkjer som er erstatta av nye, ljose og sikre tunellar.

Samla er det investert rundt 1,5 milliard kroner i desse fire prosjekta.

I TILLEGG ER Torgilsgjeltunnelen mellom Ulvik og Vallavik bygd, også den eit rassikringsprosjekt.

For å komplettera utbygginga må også nemnast Hardangerbrua som har knytt distriktet saman.

Køyretida mellom Voss og Hardanger er gått monaleg ned. Og ikkje minst er reisa vorte tryggare.

Med Jobergtunnelen er innbyggjarane på Vassenden ved Seim kvitt gjennomgangstrafikken som har gått praktisk tala gjennom tunet deira. Det er eit vesentleg gode.

NÅR DENNE FLASKEHALSEN no er utbetra, utfordrar me Statens vegvesen til å gå gjennom skiltinga frå Voss i retning Oslo. I dag er vegen til Oslo stort sett skilta nordover mot Gudvangen. Vegen gjennom Vossestrand er for lengst overbelasta med mykje tung trafikk.

Med Hardangerbrua og nye tunellar ferdige, ligg det betre til rettes for å køyra til Oslo gjennom Hardanger og over vidda. Då bør det skiltast tydelegare den vegen som dessutan er klart kortare.

HARDANGERBRUA KAN PÅ den måten få inn fleire kjærkomne kroner i bompengar. Brua vert raskare nedbetalt, og lokalfolket og andre kan tidlegare køyra gratis over fjorden.

Det finst framleis trafikkfeller som bør utbetrast, som Kyrkjesvingen ved Granvinsvatnet. Men summa summarum føyer nyetunellen seg inn i rekkja av prosjekt som knyter området vårt tettare saman, ikkje minst Voss og Granvin.

SOM EIT LITE post scriptum, er me forundra over at den nye tunellen forbi Joberget pr. i dag har fått namnet sitt basert på den gamle skrivemåten.

Hordaland fylkesmommune har endra skriveforma til tunell. Dei to andre nyaste tunellane har fått namna Folkedalstunellen og Bjørgatunellen – med éin n og to l-ar.

Det er uheldig at vegvesenet ikkje nyttar ei konsekvent linje. Derfor bør dei endra namnet til Jobergtunellen slik at skrivemåten vert i tråd med praksisen dei sjølve alt har innført.

Tunell er og den naturlege seiemåten både i vårt distrikt og landet elles.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.