annonse

Nye kostar feiar best

OPPMODING
OPPMODING: «Dei siste 40 åra har Voss hatt berre to rådmenn. I denne typen stilling kan det vera ei god ordning å ha opning for å skifta litt oftare», skriv Hordaland i denne leiaren. Biletet er av rådmann Einar Hauge. (Foto: Tor Halvorsen)

Det er lurt å starta med blanke ark når ein ny kommune skal byggjast, skriv Hordaland i denne leiaren.

Rådmann Einar Hauge og Voss kommune er samde om å avslutta arbeidstilhøvet frå 31. desember 2019. Dette er eit klokt val av begge partar no når Voss og Granvin står på spranget til ei ny framtid.

Ein ny kommune skal byggjast, og slik situasjonen har utvikla seg, er det lurt å starta med blanke ark. I dette tilfellet vil me tru at nye kostar feiar best.

DEN SISTE TIDA har det vore tydeleg at forholdet mellom rådmannen og ein del av dei folkevalde har vore anstrengt. Det er nok å nemna omdømesaka, der dei folkevalde bad om ei anna haldning frå rådmannen si side for å betra Voss kommune sitt ry.

I nokre tilfelle ser det ut til at rådmannen og enkelte av hans medarbeidarar har valt ein stil overfor sine tilsette som har vore i overkant konfronterande og til tider kontrollerande.

NOKRE FAMØSE SITUASJONAR har spelt seg ut, som då den kvinnelege tilsette vart avskjediga og kommunen måtte leggja seg flat då saka kom til retten.

Det kan også nemnast at kommunen laut krypa til korset då dei gav refs til to rektorar i vossaskulane for å ha uttalt seg kritisk til KS i eit lesarbrev.

Kommunen tolka det fyrst som at dei to hadde brote Voss sine reglar om rett til å uttala seg i avisa. Men då det vart slått fast at rektorane hadde uttalt seg som tillitsvalde i Utdanningsforbundet, måtte kommunen trekkja tilbake refsen.

Slike episodar styrkjer korkje tillit, arbeidsmiljø eller fellesskapskjensle.

DET FINST DØME på mangeårige tilsette som har sagt opp med den grunngjeving at dei ikkje ynskjer lenger å vera ein del av organisasjonen Voss kommune. Ei linje som i sterkare grad er basert på samarbeid, ser ut til å vera påkravd.

BEHOVET FOR STYRKT samarbeid kjem fram gjennom ytterlegare episodar der folkevalde og rådmannen har vore på kollisjonskurs i seinare tid. Som til dømes i matsaka til dei eldre.

Klare signal frå dei folkevalde om at maten skal tilverkast lokalt, såg ut til å vera oversett av rådmannen som ikkje hadde innarbeidd tiltaket i økonomiplanen.

FELLESMØTET SOM FANN stad på Park Hotel Vossevangen onsdag, var det derimot historisk sus over. Det er berre å gratulera dei involverte partane med gode forhandlingar, som har gjeve fruktbart samarbeidsklima.

SAMANSLÅINGA MELLOM VOSS og Granvin er no kome inn i formelle former. Dette fører til at stadig fleire vedtak som vedgår Voss og Granvin vert fatta i fellesnemnda – og stadig færre i dei respektive kommunestyra.

Den nye prosjektleiaren som skal tilsetjast, vert ein viktig person. Tilsvarande vil dei respektive rådmennene si rolle verta svekt gradvis.

PÅ FLEIRE OMRÅDE har rådmann Hauge gjort ein god jobb for Voss kommune. Han kjem til å forlata ein kommune som har utvikla seg mange steg sidan han tok over.

Stagnasjon og tilbakegang er snudd til vekst. Men nesten 20 år i ein slik stilling er nok.

DERFOR VIL ME oppmoda dei styrande til å vurdera åremålsstilling, med høve til forlenging, når ny rådmann skal tilsetjast.

Dei siste 40 åra har Voss hatt berre to rådmenn. I denne typen stilling kan det vera ei god ordning å ha opning for å skifta litt oftare.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.