annonse

Nynorsk barneavis for fyrste gong

JUNIOR
JUNIOR: Noregs fyrste nynorskavis for barn kjem ut i dag. (Foto: Svein Olav B. Langåker)

Med Hordaland i dag får abonnentane i vårt nærområde den splitter nye barneavisa Framtida junior.

Utgjevinga er ein freistnad på å laga eit nynorsk svar på Aftenposten junior, barneavisa på bokmål som har vorte ein suksess.

Aldri før har det vore utgjeve ei barneavis på nynorsk.

BORN OG UNGE, ja alle, vert i dag bombarderte av informasjon på bokmål. Hordaland har gått inn som ein av partnarane i barneavisa for å prøva å verta ei motvekt. Me vil gje eit alternativ på vårt eige mål.

Me ynskjer at born skal få gode historier, spennande underhaldning og nyttig informasjon. Dette meiner me dei bør få på nynorsk, som er vårt og mange andre sitt daglegmål.

FRAMTIDA JUNIOR HEITER avisa som denne laurdagen ser dagsens ljos. Avisa er skriven for born.

Me oppmodar deg til å ta ein kik på avisa og lata borna gjera det same, og vurdera om dette kan vera noko for born i din familie.

AT HORDALAND VEL å engasjera seg i prosjektet, som ein av fleire partar, har fyrst og fremst ideologiske grunnar.

Å HA TILGANG på aviser, vert vurdert som eit viktig samfunnsgode. I dag opplever borna ein straum av informasjon som hovudsakleg kjem via internett.

Barneavisa Framtida junior kjem både på nett og papir. Me håpar ho i det flakkande mediebiletet kan verta eit stødig ankerpunkt med nyhende og artiklar, mange av dei frå nærområda våre.

PÅ NETTET HAMNAR du kvar som helst, og nær sagt der du ikkje burde vera. Me rekk aldri å lesa alt. I ei papiravis får du eit redigert utval, som du kan lesa «ferdig».

Det gjev meir ro å lesa på papir, utan at det strøymer på med distraksjonar slik det gjer på nett.

SAMTIDIG YNSKJER ME å stimulera interessa for å lesa. Skulane oppmodar til lesetrening.

Jenter les vanlegvis meir enn gutar, og har i dag på fleire felt fått ein dominerande posisjon. Dette gjeld spesielt på ein del høgare studium.

OGSÅ AFTENPOSTEN JUNIOR er mest lesen av jenter. 70 prosent av lesarane er jenter, og 30 prosent gutar.

Med å lesa avis i ung alder kan borna få eit godt forhold til å lesa. Dette kan byggja vanar der dei tek med seg lesinga vidare i livet.

Å LESA PÅ nynorsk, handlar likevel om meir enn berre språket. Det handlar også om ein viktig del av identiteten vår.

Me meiner det er viktig at borna vert trygge i språket. Då er det lettare å våga å halda fast i det når dei fartar ut i verda.

Å LESA SPENNANDE innhald på nynorsk er også identitetsbygging. Lukke til med lesinga!

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.