annonse

OL på Voss i 2030 kan verta ein realitet

KAN FÅ OL TIL VOSS
KAN FÅ OL TIL VOSS: – Folket kan få oppleva OL på nært hald. Mange frivillige kan få sitt livs sjanse til å delta som arrangørar av eit OL, skriv Hordaland i denne leiaren. Biletet er av Jon Istad i OL. (Foto: Arkiv)

Ikkje vert overraska om OL i 2030 vert lagt til Bergen og Voss.

Det er vår klare påstand etter at planlegginga med OL på Vestlandet er kome inn i eit godt spor.

OL I PRESTEGARDSMOEN, i Voss ski- og tursenter, i Bavallen og i Myrkdalen. Alt dette kan verta realitetar 12 år fram i tida. For Voss kan det verta eit eventyr utan like.

Folket kan få oppleva OL på nært hald. Mange frivillige kan få sitt livs sjanse til å delta som arrangørar av eit OL.

I DAG VERT OL-planane presenterte for Hordaland Idrettskrets på idrettstinget i Norheimsund. Saka skal opp som ei informasjonssak. Ho skal ikkje røystast over.

Likevel vert det avgjerande om delegatane frå idrettslaga i fylket nikkar på hovudet, og seier ja til retninga som OL-gruppa skisserer.

EIT OL PÅ Voss og i Bergen vil på mange måtar verta eit alternativt OL. Me vel å tru at OL framleis har ein høg status. Det mange har reagert negativt på, er IOC og det mange omtalar som pampeveldet.

I OL som er planlagt på Vestlandet, skal det ikkje ein gong vera VIP-plassar på tribunane. Samtidig legg dei opp til færre idrettsøvingar, for at OL skal verta mindre gigantisk.

DET ER OGSÅ bra at eksisterande anlegg på Voss og i Bergen skal oppgraderast, og at enkelte øvingar vert flytta ut av regionen. Voss vil ikkje få svære nye anlegg som ikkje vil verta brukte for ettertida.

SAMTIDIG ER OL meir enn idrett. Det er også næringsutvikling – på høgt plan. K5-utbygging innan 2030 er ein føresetnad for OL på Voss. Dermed kan OL verta brekkstang for å få fortang i prosessen.

Også ny E16 mellom Vangen og Sogn grense er ­viktig. Likeins oppgradering av vegane til Bordalen og Bavallen – og til Vik.

I 2030 VERT det 36 år sidan sist Noreg hadde OL. Det er Noreg sin tur, om Noreg vil. Då er det også Vestlandet sin tur, vil mange meina. Derfor kan alt skje.

SPØRSMÅLET ER I kva grad folket ynskjer OL. Responsen var lunken mellom vossingane då Hordaland ­gjennomførte meiningsmåling om OL i september i fjor.

KANSKJE VIL DETTE endra seg når folket får augo opp for det alternative perspektivet på OL på Voss og i Bergen. Eit klart teikn i så måte er at Paralympics er planlagt integrert i det vanlege OL.

Voss og Bergen er elles heite stader etter at fleire gullmedaljar hamna i storbyen her vest under sist OL i vinter.

SELSKAPET IDRETTENS OLYMPIADE på Voss og i Bergen har arbeidd godt over lang tid. Det er gjennomarbeidde planar dei legg fram.

Det som for ikkje lenge sidan såg ut som ein urea-listisk fabel, er i ferd med å verta eit høgst realistisk eventyr.

MANGE HINDER SKAL passerast. Men prosjektet OL på Voss og i Bergen i 2030 er det all grunn til å ta på alvor.

I åra som kjem kan me få sjansen til å skriva nye og spektakulære kapittel i Voss og Vestlandet si historie.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.