annonse

Om gaupejakt – og nettroll

DØD GAUPE
DØD GAUPE: Denne gaupa vart skoten på Voss onsdag. – I samband med det kraftige engasjementet om gaupe, oppstår heftige debattar på nett, skriv Hordaland i denne leiaren. (Foto: Sveinung Klyve)

Ei gaupe er felt på Voss – og det set sinna i kok. Sjeldan har ei sak vekt slikt engasjement som då Hordaland publiserte nyhendet.

AT MANGE REAGERER hardt på at gaupa vart felt, er forståeleg. Kva skade gjer ho i naturen vår? Spørsmålet er særleg legitimt ettersom ingenting tyder på at gaupa har drepe sauer. Kvifor skal ho då drepast?

GAUPA ER EIT eksotisk innslag i vår natur, og mange vil meina ho høyrer heime her. Det er stas å sjå spor etter henne, men ytterst sjeldan at nokon får auga på det svært skye kattedyret.

Mange synest det er svært ille å ta livet av eit slikt dyr.

STORTINGET HAR LIKEVEL definert at me ikkje skal ha store rovdyr i Hordaland, Sogn og Fjordane, Rogaland og Vest-Agder. Bestandsmålet er null i desse fire fylka. Desse fylka er også dei einaste i landet med null dyr som mål.

I alle andre delar av landet er målet at det skal vera nokre gaupefamiliar. Dette er politikk på høgt plan.

TOTALT I LANDET vårt vart det rekna at me har ca. 330 gauper, ifylgje siste bestandsstatusen frå Rovdata.

I 1992 vart gaupa freda i Sør-Noreg, men det er kvoteregulert jakt i februar og mars. Ut frå lovene og reglane var det difor ei fullt lovleg jakt som vart utført på Voss onsdag.

I SAMBAND MED det kraftige engasjementet om gaupe, oppstår heftige debattar på nett.

For å poengtera: Engasjement er positivt, og folk har lov å argumentera heftig. Det er lov å gje uttrykk for eigen frustrasjon og sinne.

Dei aller, aller fleste klarer å balansera dette på ein fin måte.

MEN: I DEBATTANE i tilknyting til Hordaland sine artiklar tillèt me ikkje trakassering. Og spesielt ikkje mot enkeltpersonar. Noko takhøgd skal det vera, og det er sjølvsagt lov å vera usamd.

Men ved trakassering og sjikanering vert innlegg sletta så raskt som råd, slik me gjorde i samband med gaupedebatten.

DETTE ER IKKJE noko angrep på ytringsfridom, slik enkelte hevdar. Tvert imot.

Trakassering gjer at mange ikkje vågar å delta i debattar, og trekkjer seg vekk. Nettopp det er eit problem for ytringsfridomen.

ME SKAL HANDSAMA kvarandre med respekt og verdigheit. Dei som sjikanerer, mister si eiga verdigheit, sa vossaordførar Hans-Erik Ringkjøb etter ein tilsvarande nettdebatt før jol.

Det er me samde i.

Å HALDA DEBATTEN levande, er viktig. Men i dette tilfellet bør eventuell kritikk fyrst og fremst rettast mot våre folkevalde på Stortinget som har bestemt korleis gaupebestanden i Noreg skal vera.