annonse

Provoserande E16-kutt gjennom Vossestrand

VEG
VEG: – Det siste nye er at regjeringa i Nasjonal transportplan (NTP) heller ikkje finn pengar til ny trasé og varig utbetring av E16 gjennom Vossestrand, skriv Hordaland på leiarplass. (Foto: Geir Geitle/Arkiv)

Hordaland fylke er verst i landet når det gjeld dødsulukker i trafikken. Likevel held serien med dårlege nyhende for samferdsle i fylket vårt fram.

FRÅ FØR HAR regjeringa skyvd ny E16 mellom Voss og Arna ut i tid. Denne veka vart det kjent at Ringerikstunnelen kan verta utsett med sju år til 2031.

Ringerikstunnelen gjev éin time kortare reisetid med tog mellom Bergen og Oslo. Han vil gjera toget meir attraktivt å reisa med. I tillegg kan tunellen bidra til å flytta godstransport frå vegane og over til jernbanen.

DET SISTE NYE er at regjeringa i Nasjonal transportplan (NTP) heller ikkje finn pengar til ny trasé og varig utbetring av E16 gjennom Vossestrand.

Null kroner er avsett i komande planperiode.

VEGSTREKKJA VAR INNE med 400 millionar for åtte år sidan. Store ressursar er brukt på å utarbeida og diskutera ulike traséval.

Statens vegvesen sine tilsette, kommunen og politikarar har lagt ned mykje arbeid gjennom mange år. Bygdefolk har aksjonert og kjempa.

No risikerer me at dette er bortkasta.

DETTE ER Å gå tilbake til null.

I mellomtida må lokalfolket på Vossestrand leva med ein veg som er gått ut på dato.

HUNDREVIS AV TRAILERAR dundrar kvar dag gjennom Vossestrand, på veg mellom Bergen og Oslo.

DEI FLESTE AV dei 170 borna som skal til skulen på Sundve har vegen som sin skuleveg. Også endå yngre born som skal til barnehagar må ut på E16.

FLEIRE DØDSULUKKER HAR skjedd på strekkja siste åra. Vegen er gjennomgåande for smal og svingete til køyretøya og mengda som trafikkerer han.

Vogntogsjåførar har mange gonger sagt frå om at E16 gjennom Vossestrand er noko av det verste dei har vore borti.

ULUKKESTALA I TRAFIKKEN for 2017 er for lengst klare. Dei viser at Hordaland toppar statistikken for dødsulukker. 12 personar vart trafikkdrepne i Hordaland fylke i fjor.

AT SLIKE TAL skal resultera i at pengar vert tekne vekk frå viktige samferdsleprosjekt i fylket, er uakseptabelt.

Ikkje minst når vegprosjekt i samferdselsministeren sitt eige fylke, Rogaland, som har som føremål å få trafikantane raskare fram, vert prioritert.

BAK KVAR EINASTE ulukke er det ei tragedie som rammar familie, venner, kollegaer og lokalsamfunn.

Vegen har ikkje heile skulda når det går gale. Det er sjølvsagt viktig at alle fylgjer trafikkreglane.

MEN E16 GJENNOM distriktet vårt held ikkje mål. Han er bygd for ei anna tid og ein annan trafikk enn den som går på vegen i dag.

Omsynet til liv og helse tilseier at E16 mellom dei to største byane i landet må prioriterast i NTP.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.