annonse

Regjeringa tek verdiar frå kommunane våre

ORDFØRARDEMONSTRASJON FØRE STORTINGET
ORDFØRARDEMONSTRASJON FØRE STORTINGET: – Regjeringa vil no endra på ei samfunnsordning som mange meiner har fungert rettferdig. Heretter kan pengane hamna hjå store konsern og staten i staden. At nokre kraftanlegg har fått utanlandske eigarar siste tida, gjev ekstra grunn til uro, skriv redaktør Geir Geitle. (Foto: Terje Pedersen/NTB scanpix)

Inntektene frå eigedomsskatt for verk og bruk har vore viktige for kommunane våre i mange år.

Regjeringa føreslår no å oppheva skatten. Dette er alvorleg, og framstår nesten som eit ran.

MANGE AV RESSURSANE i Noreg har sitt utgangspunkt her vest. Det gjeld mellom anna olje, fisk – og elektrisk kraft.

Kva resten av landet hadde vore utan verdiane frå desse næringane, er interessant å tenkja over.

ME HER I vest har ressursane – men òg ulempene som dei fører med seg.

Med regjeringa sitt framlegg, vil me framleis sitja att med ulempene – men derimot mindre av verdiane.

Derfor reiste også 150 ordførarar og varaordførarar til Oslo denne veka for å demonstrera ved Stortinget mot kutta i skatten.

KRAFTUTBYGGING AV FOSSAR og vassdrag fører til sår i landskapet. Utbygging endrar fjellvatn, og tek vatn vekk frå elvane. Dei okkuperer areal og forringar naturopplevingar.

Straummaster i våre fine fjellområde er heller ikkje noko vakkert syn.

MEN DESSE ULEMPENE har me stort sett akseptert, fordi elektrisiteten også bringar mange fordelar til oss.

Med regjeringa sitt framlegg, fjernar dei fordelar.

REGJERINGA FRÅ HØGRE og Framstegspartiet tek faktisk 1,2 milliardar kroner frå kommunane, ifylgje Landssamanslutninga for Vasskraftkommunar.

Voss kommune inkludert Granvin risikerer ein årleg reduksjon på 15 millionar kroner i inntekter om ein summerer kutt utført over fleire år.

ALLE VÅRE KOMMUNAR, Vaksdal, Modalen, Eidfjord, Ullensvang og Ulvik vert ramma. Og saman med Granvin sit Ulvik att med monstermastene – men ikkje lenger kompensasjon for å ha dei gjennom det vakre landskapet sitt.

NÅR 15 MILLIONAR kroner forsvinn frå eksempelvis Voss, inneber det at tilbodet til den vanlege inn- byggjaren vert trua.

Barnehagar, skular, eldreomsorg og andre tenester vert finansierte av midlar frå fellesskapet. Når så store summar vert vekke, rammar det hardt.

Her kuttar dei ned på framtidige sjukeheimsplassar og ekstralærar-stillingar.

I MEIR ENN 100 år har eigedomsskatt tent som eit rettferdig vederlag for kommunane.

Regjeringa vil no endra på ei samfunnsordning som mange meiner har fungert rettferdig.

HERETTER KAN PENGANE hamna hjå store konsern og staten i staden. At nokre kraftanlegg har fått utanlandske eigarar siste tida, gjev ekstra grunn til uro.

Då fører dette meir pengar ut av landet.

For kommunane og oss alle er det eit rettmessig krav at ein like stor del av verdiane vert verande att her.

Dette bør fleirtalet i Stortinget gå inn for.

VERDIANE ER SKAPTE med grunnlag i naturen sin evige syklus.

Då er det også rimeleg at dei skal gå tilbake til fellesskapet.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.