annonse

Respekt for ulike meiningar, også om Bømoen

PRINSIPP
PRINSIPP: «Det må vera eit ufråvikeleg prinsipp at vanlege spelereglar får rå, der alle står fritt til å hevda sitt syn. Tanken bak denne samfunnsordninga er at ulike meiningar og synspunkt gjer at ein kjem fram til løysingar me i fellesskap er best tente med. Også Bømo-utbygginga vil stå seg best på å vera tufta på slike prinsipp», skriv redaktør Geir Geitle i denne leiaren. (Foto: Vidar Herre)

Rammene for utbygginga av Bømoen skal til sjuande og sist avgjerast av det demokratisk valde Voss kommunestyre. Då er det viktig at me får ein god og demokratisk prosess også før vedtaket skal fattast.

DERFOR ER DET grunn til å stilla spørsmål når det oppstår konflikt knytt til ei meiningsytring, slik Lars Selheim, styreleiar i Voss ski- og tursenter, stadfester i avisa tysdag.

Konflikten skal ha oppstått etter at Selheim likte Tore Nyborg sitt innlegg om «Nei til bustadbygging i Bømoen».

Selheim har opplevd situasjonen som utriveleg i tilknyting til sponsoren som også er ein av to hovudaksjonærar i Bømoen AS.

HENDINGA KJEM I kjølvatnet av at Bømoen AS har møtt motstand hjå delar av folket på Voss for utbyggingsplanane. Spesielt planane om bustadbygging har vekt harde diskusjonar.

DET ER FORSTÅELEG at eigarane av Bømoen AS vil ha att noko for investeringa si.

Og Spilde Entreprenør har vore ein viktig støttespelar for Voss ski- og tursenter heilt sidan oppstarten i 2007. Sponsoren er sterkt delaktig i skisenteret sin suksess.

SAMTIDIG MÅ DET vera eit ufråvikeleg prinsipp at vanlege spelereglar får rå, der alle står fritt til å hevda sitt syn.

Tanken bak denne samfunnsordninga er at ulike meiningar og synspunkt gjer at ein kjem fram til løysingar me i fellesskap er best tente med.

Også Bømo-utbygginga vil stå seg best på å vera tufta på slike prinsipp.

DETTE GJELD HØVET til å vera imot utbygging.

Like mykje gjeld det høvet til å verdsetja utbyggingsplanane og ynsket om å redusera flystøyen, slik eit 50-tals innbyggjarar tek til orde for i ein høyringsuttale som Hordaland presenterte torsdag.

I VÅRT SAMFUNN skal me ha stor takhøgd for ulike meiningar. Det motsette er representert av nasjonar og krefter me slett ikkje vil samanlikna oss med.

SPILDE ENTREPRENØR AS er ein respektert aktør i vossebygda og vidt omkring.

Dei har bidrege til lokalsamfunnet gjennom mange år, som byggjeverksemd, arbeidsgjevar og bidragsytar i ei rekkje samanhengar.

Om dei kjenner seg motarbeidde av nokon dei har støtta gjennom lang tid, er det forståeleg at dei vert skuffa.

LIKEVEL MEINER ME på generelt grunnlag at ikkje nokon bør utsetjast for det som kan oppfattast som press når det gjeld meiningar.

Me må skilja mellom sak og person, og det skal vera lov å vera usamde.

IDRETTEN ER BYGD opp gjennom dugnadsånd. Om nokon prøver å gjera det vanskeleg for involverte å gå imot eller støtta prosjekt etter personleg overtyding, rokkar ein ved grunnfjellet det norske samfunnet er bygd på.

EIN KVAR SPONSOR står sjølvsagt fritt til å velja prosjekt og organisasjonar dei støttar.

MEN DET VERKAR uheldig om nokon vert utsette for det som kan oppfattast som forsøk på å leggja lok på den frie meiningsutvekslinga.

Fri og sakleg meiningsbryting og dugnadsånd er sentrale og grunnleggjande verdiar i det norske samfunnet.

DESSE VERDIANE BØR me ha med oss også fram mot vedtaket der framtida til Bømoen skal avgjerast.

Og hugs at me skal leva saman også etter at Bømoen si framtid er avgjort.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.