annonse

Rydd opp i piggtråden

VEKK
VEKK: – Gamle piggtrådgjerde utgjer ein fare – både for sauer, kyr og andre husdyr, men også for ville dyr, skriv Hordaland på leiarplass. Firarbanden på biletet, Daniel J. Andersen (til v.), Lars Istad, Ragnhild Bøe og Kari Mostad meiner òg det er på tide å få han bort. (Foto: Rolf Tepstad)

Voss og kommunane rundt er landbruksbygder, med mange spor etter landbruk på godt og vondt. Eitt av dei vonde spora er utvilsamt piggtråden.

NO ER TIDA inne til å kvitta oss med dette uheldige innslaget frå fortida.

Voss kommune set i gang eit treårig prosjekt for å få vekk piggtråden. Dei som leverer inn piggtråd til IHM får attpåtil betalt for å levera han inn.

PIGGTRÅD VART SETT opp i ei heilt anna tid. No er omsynet til dyrevelferd kome mykje sterkare på banen, og det er vorte forbode å setja opp nye gjerde med piggtråd.

FORBODET KOM I 2010. Sidan då, har det ikkje kome nye piggtrådgjerde.

Problemet er alle dei gamle gjerda som vart sette opp før den tid. Mange av dei har til og med ramla delvis over ende, slik at piggtråden ligg på eller nær bakken.

GAMLE PIGGTRÅDGJERDE UTGJER ein fare – både for sauer, kyr og andre husdyr, men også for ville dyr. Piggtrådgjerda kan liggja i «jurhøgde», og påføra dyra både stygge skadar og store lidingar. Nokre er til og med i ferd med å verta skjulte i bakken.

ME OPPMODAR ALLE dei som har piggtråd på sin grunn om å rydda opp og få han vekk – ein gong for alle.

No er rette tida å gjera det.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.