annonse

Samarbeid gjer oss sterke

UTEBASSENGET
UTEBASSENGET: – Mottoet ser ut til å vera at ingen kan gjera alt, men alle kan gjera noko. Saman er me sterke. Det får me tydeleg sjå her, i ei bygd som tidlegare har vorte skulda for å vera for individualistar, skriv Hordaland på leiarplass. (Foto: Vidar Herre/Arkiv)

Så skjedde det som kanskje få hadde trudd inst inne: Me får ein ny sesong med Utebassenget i Prestegardsmoen.

ALT VAR KLAPPA og klart for nedlegging – til dess krafta i folkedjupet vakna.

GODE KREFTER HAR slått seg saman, ført an av 175-årsjubilanten denne veka, Voss Sparebank. Deretter kom både dei to andre bankane og fleire andre verksemder på banen med pengar og ulik anna hjelp.

I tillegg til det mest rørande av alt – Regnbogen barnehage sitt sal av lappar for fleire tusen kroner til inntekt for Utebassenget.

NO OPNAR BADET utan at kommunen treng å punga ut med ei krone, og det er bra. At bassenget held ope også sommaren 2018, er eit solid prov på at samarbeid gjer oss gode.

Mottoet ser ut til å vera at ingen kan gjera alt, men alle kan gjera noko. Saman er me sterke. Det får me tydeleg sjå her, i ei bygd som tidlegare har vorte skulda for å vera for individualistar.

AT DET ER Vossabadet som skal driva Utebassenget, er noko av det beste med heile løysinga. Dermed kjem ikkje utebadinga som ein konkurrent til det hardt prøvde Vossabadet. Det kjem tvert om som eit godt supplement.

Bad inne når vêret er dårleg. Og bad ute når vêret er fint. Voss og omlandet har fått styrkt tilbodet sitt, både til fastbuande og tilreisande.

HER HAR VOSSABADET-SJEF Geir-Ole Selland og styret hans verkeleg vore på offensiven i ei vanskeleg oppstartstid der underskota har tårna seg litt opp.

NO FÅR ME ta eitt steg og ein sesong om gongen. Men når Vossabadet er inne som drivar, skal me ikkje sjå vekk frå at dette kan verta eit meir langvarig tilbod.

HER FÅR ME inn folk som kan driva Utebassenget meir profesjonelt. Dei dreg nytte av kunnskap og ressursar dei sit med på Vossabadet for å gjera dei to bada best moglege.

Ikkje minst kan dei fordela mannskap på ein effektiv og god måte mellom dei to bada.

Slik får dei nytta dei tilsette betre, og samtidig halda dei samla personalkostnadene på eit meir fornuftig nivå.

EIT MOMENT ELLES er det at Voss kommune har motteke spelemidlar til Utebassenget i 2004. Kommunen risikerer å måtta betala tilbake noko av desse om drifta vert lagt ned tidlegare enn 30 år etterpå.

Dette må me òg ta med oss vidare i prosessen.

MEN HOVUDMORALEN I historia om Utebassenget 2018 er at samarbeid gjer oss sterke.

Gode krefter som jobbar i lag, viser at her får me til ting saman.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.