annonse

Stort engasjement om Bømoen

BØMOEN
BØMOEN: «Dette er eit område som har utruleg stor verdi for mange, og som mange har stor interesse av.» (Foto: Ingerid Jordal/Arkiv)

Saka om Bømoen er ei av dei største og viktigaste på Voss i åra som kjem. Dette gjenspegla seg i debatten under Voss kommune sitt opne møte om Bømoen i kulturhuset tysdag.

Mange punkt vart trekte fram – alt frå fortetting av Voss til dei mest konfliktfylte temaa; flystøysonene med eventuell reduksjon i flyaktiviteten, og forslaget om bustadbygging i moen.

LUFTSPORTSMILJØET ER UROA fordi dei fryktar reduksjon i flyaktiviteten på Bømoen. Planen legg opp til å avslutta flyginga klokka 19, som vil vera eit vesentleg inngrep i deira aktivitet.

Samtidig er det forståeleg med forslaget om reduksjon. 132 noverande bustader utanfor Bømoen ligg i støysona. Etter krav frå kommunelegen er det maktpåliggjande å betra støysituasjonen.

FOR LUFTSPORTEN VIL det vera uheldig om dei vert tvinga til å redusera aktiviteten. Luftsporten og Voss sin posisjon som ekstremsportbygd er vorten ein viktig del av Voss totalt sett.

Nye innbyggjarar har flytta til Voss på grunn av ekstremsporten. Voss vert mindre attraktiv for denne typen menneske om det vert slutt på luftaktivitet etter klokka 19.

HER VERT DET ei utfordring å finna løysingar. Utviklinga går i retning meir støysvake fly. Flytypane har mykje å seia, og kanskje kan me få el-fly?

Her må luftsportsmiljøet på Bømoen vera i framkant av utviklinga slik at aktiviteten kan haldast oppe i størst mogleg grad.

Men støyproblemet må takast på alvor – og reduserast.

DET ANDRE STØRSTE konfliktfeltet er planane om bustadbygging i Bømoen.

Her er det kollisjon mellom fleirtalet av kommunepolitikarane og utbyggjarane sine ynskje og planar.

DET KOM FRAM i møtet at utbyggjarane ikkje har fått nokon lovnader om at det skal byggjast bustader i Bømoen.

Men bustader vart trekt fram i moglegheitsstudien som danna grunnlaget for salet av Bømoen.

Her var det likevel berre eit område som tilsvarar trinn 1, dvs. opp mot 200 bustader, som var skissert.

Å SATSA PÅ bustader i så stort omfang som opp mot 1000 bueiningar, ser derfor ut til å ha vore ei kalkulert gambling frå utbyggjarane si side, gjerne ut frå signal frå Fylkesmannen om venta folketalsauke.

Kommunen har aldri forplikta seg til å opna opp for bustadbygging i Bømoen.

Slik sett står politikarane heilt fritt til å gjera vedtaket som dei ynskjer når områdereguleringsplanen for Bømoen skal endeleg vedtakast.

DET HAR I seinare tid kome fleire signal om at sjølv om Bømoløypa vert halden oppe og oppgradert, vil arealet tapa seg som rekreasjonsområde med utbygging nær løypa.

Bømoløypa er eit rekreasjonstilbod i nærområdet vårt som er gull verdt.

PÅ DEN ANDRE sida vert det behov på Voss for bustader til unge etablerarar. Og ei plassering nær skule, idrettsanlegg og friluftsområde er ideell.

Ein må også ha forståing for at eigarane av Bømoen ynskjer å utnytta området optimalt.

KJØPARANE AV BØMOEN har heile tida visst at planane til slutt skal godkjennast av Voss sine politikarar i kommunestyret.

Dette er eit område som har utruleg stor verdi for mange, og som mange har stor interesse av.

Då er det også politikarane på Voss sitt privilegium å gjera det dei meiner er best for bygda.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.