annonse

Supert med to lokale på Stortinget

INN PÅ STORTINGET
INN PÅ STORTINGET: Terje Breivik (V) går inn i sin andre periode på Stortinget, medan Nils T. Bjørke er ny som rikspolitikar. (Foto: Sigrid Seim/Ingerid Jordal)

– At både Breivik og Bjørke kjem inn på Stortinget er veldig bra for Indre Hordaland og Hardanger, skriv redaktør Geir Geitle i denne leiaren.

At ikkje berre Terje Breivik, men også Nils T. Bjørke får fast plass på Stortinget, slapp ned som ei gledeleg bombe tysdag kveld.

Slik oppteljingane såg ut fram til då, var det få som hadde venta at også Bjørke skulle pakka kofferten og dra til Oslo. Sjølv såg han meir eller mindre bort frå det, sidan han var i gang med utearbeid med høyrselsvern på, då meldinga kom.

AT BÅDE BREIVIK og Bjørke kjem inn er kjekt for begge to, og veldig bra for indre Hordaland og Hardanger. Medan Breivik er ein grundig og fagleg sterk representant, er Bjørke litt meir bulldosartypen, rett på sak, men med solid kompentanse.

Han likar å snakka, og å snakka mykje, og vert nok lagt merke til i makta sine korridorar.

OGSÅ NÅR DET gjeld K5 har Breivik og andre hordalandspolitikarar fått ein viktig støttespelar. Bjørke kjenner samferdslesektoren etter å ha leia fylket sitt miljø- og samferdsleutval siste to åra, og veit å leggja trykk på dei rette stadene for å pressa utbygginga fram så fort som råd.

Ikkje fordi dette er ei sak for Voss spesielt, men fordi K5 er ei nasjonal og regional sak som er viktig i eit langt større perspektiv enn berre oss.

AT BJØRKE FÅR plass på Stortinget, er svært fortent. Han har gjort eit veldig godt val. Med Bjørke som frontfigur er Senterpartiet vorte største partiet både på Voss og i fleire andre av kommunane her inne.

Han har fått draghjelp frå sentralt hald gjennom partiet sin framvekst som del av eit distriktspolitisk opprør. Men ein skal ikkje ta frå Bjørke æra for at han er ein framtredande og dyktig person som mange herfrå har sett pris på gjennom røystesetelen.

Vossabonden har også sentralpolitisk erfaring frå før gjennom sine fem år som leiar i Norges Bondelag.

TERJE BREIVIK FÅR heldigvis fornya tillit etter eit val som har skaka Venstre litt i grunnvollane. Med det får han halda fram sitt arbeid med å styrkja kommunane på kostnad av staten. Ein av hans kongstankar er at det offentlege skal vera sterkt der me bur.

DERMED ER BREIVIK og Bjørke opptekne av mykje av det same, men med litt ulikt utgangspunkt. Håpet er at me får ein hordalandsbenk som står samla om viktige, lokale saker. Dermed vil me tru dei felles interessene knyter dei meir saman enn det som splittar i denne samanhengen.

Begge to står for sterk distriktspolitikk. Det er viktig i det vidstrekte distriktet vårt.

PÅ FØREHAND YNSKTE me våre kandidatar lukke til med valet. No er tida inne til å ynskja dei lukke til med livet som heiltidspolitikarar. I utgangspunktet er det som stortingspolitikarar. Men me skal ikkje sjå vekk frå at éin av dei eller begge etter kvart hamnar i statsråd-posisjon.

Gratulasjonar og lukkeynskje sender me også til Erna Solberg som får fornya tillit som statsminister. Ho kan verta historisk og overgå sjølvaste Kåre Willoch.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.