annonse

Syden-sommar og norsk matforsyning

TURKE
TURKE: Avlinga har nokre stadar vert den dårlegaste i manns minne. (Foto: Sjur Tveito)

Me her i Noreg er godt vane med å ha rikeleg med mat å forsyna oss av. Turken me no opplever, viser likevel at mat i overflod kanskje ikkje er så sjølvsagt som me har trudd.

SVIKTANDE AVLINGAR GJEV ei påminning om at norsk matproduksjon er sårbar. Per i dag forsyner me oss sjølve med berre rundt 50 prosent av maten me treng. Med turken kan det bli endå mindre.

DERSOM TURKEN RAMMAR hardare og vidare, kan det også verta verre å få mat frå andre land som me er avhengige av skal forsyna oss. Dei siste åra har me importert stadig meir mat frå utlandet.

ME HAR PENGAR i Noreg til å kjøpa mat ut av munnen til andre som treng han meir. Men kor rett er det, etisk sett? Situasjonen vert også meir utfordrande sidan det i verda totalt stadig vert fleire munnar å metta.

OM DET VERT knapt om mat til folk og dyr, vert situasjonen raskt akutt. Når mat trengst, hastar det. Då oppstår lett hamstring i tillegg.

DETTE ER KANSKJE krisemaksimering, men likevel verdt å ha beredskap mot. På Voss og i store delar av landet ser me no at turken fører til krise for fôrproduksjonen.

AVLINGANE ER NOKRE stader dei dårlegaste i manns minne. Enkelte bønder er alt teke til å slakta dyr. Dei har ikkje nok fôr.

Største krisa kjem til vinteren. Då skal sauer og kyr ha fôr vinteren gjennom. Dersom bonden ikkje har nok fôr, må drastiske tiltak setjast i verk.

I FYRSTE OMGANG vert bonden ramma. I neste omgang vert folket ramma som er avhengige av leveransane frå bøndene.

Kortsiktige tiltak er kanskje at bønder alt no i sommar tek i bruk att jord og mark som ligg unytta, for å hausta mest mogleg fôr.

PÅ LENGRE SIKT må me verta mykje meir restriktive til å byggja ned matjord. Det har skjedd i for stort omfang siste åra.

For ettertida må me hugsa at tidene og klimaet endrar seg. Me treng den vesle matjorda me har i Noreg, der berre tre prosent av arealet er dyrka.

I TILLEGG MÅ me føra ein politikk som gjer at bøndene vert tekne vare på, slik at ikkje endå meir jord vert teken ut av bruk.

I FJOR FEKK mange bønder dårlege avlingar fordi det var for mykje nedbør og altfor vått. I år er det turken som rammar. Klimaet er i endring.

MANGE ER GLADE for det fantastiske sommarvêret, og nyt varme og badeliv.

I TILLEGG ER situasjonen eit varsku om å ta vare på bønder og jord slik at me kan produsera mat nok til folket i Noreg.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.