annonse

Uheldig at små barnehagar vert borte

VETHE GARDSBARNEHAGE STENGJER
VETHE GARDSBARNEHAGE STENGJER: – Dette er synd for borna som mister gode barnehagetilbod. Og for vaksne som mister gode arbeidsplassar, skriv Hordaland på leiarplass. (Foto: Vidar Herre/Arkiv)

Vethe gardsbarnehage stengjer dørene i august. Det same skjer truleg med fleire andre av dei små barnehagane, både på Voss og i dei andre kommunane i landet.

Dette er synd for borna som mister gode barnehagetilbod. Og for vaksne som mister gode arbeidsplassar.

MEST SANNSYNLEG SER me ei styrt og ynskt utvikling frå sentralt hald. Som for kommunesektoren, er tankegangen at stort ofte er betre.

Nokre gonger stemmer det. Men for barnehagane syner forsking at mindre einingar i ein del tilfelle er det beste.

Å GÅ I barnehage med høg kvalitet tidleg i livet gjev positiv effekt. Å ha trygge vaksne rundt seg har innverknad på borna si utvikling lenge etter at dei har slutta i barnehagen.

Born som etablerer gode relasjonar til vaksne i barnehagen får ofte redusert aggressiv åtferd og betre skuletilpassing.

FOR AT BORNA skal få trygg tilknyting til dei vaksne i barnehagen, må tilhøva leggjast til rette. Fleire ting påverkar, men gruppestorleiken spelar ei viktig rolle.

Forsking viser at born i familiebarnehagar eller barnehagar der det er små barnegrupper, har større sjanse for å utvikla trygg tilknyting til vaksne, enn born i større grupper.

Dette er omtala i boka Se barnet innenfra av Ida Brandtzæg, Stig Torsteinson og Guro Øiestad.

Kvaliteten på vaksen-barn-samspelet i barnehagen er betre i små barnegrupper, når det er færre born pr. vaksen og når dei vaksne er betre utdanna.

SÅ KJEM NØKKELEN: Gruppestorleiken kan påverkast av storleiken på barnehagen.

Ei ny norsk undersøking syner at dess større barne- hagen er, dess mindre av arbeidstida tilbringar dei pedagogiske leiarane saman med borna, dess mindre leike- og opphaldsareal har kvart barn, og dess større er sjukefråveret mellom dei tilsette.

BARNEHAGAR BYGDE ETTER at politikarane lova full barnehagedekning i 2005, har i gjennomsnitt vesentleg større gruppestorleik enn barnehagar bygde før 2005. Samtidig opplever mange born barnehagekvardagen som stressande.

ME SKAL LIKEVEL ta med at bemanninga no aukar i barnehagane att. Det er positivt. Og sjølvsagt kan store barnehagar også vera gode.

Alt dette syner likevel at politiske prioriteringar kan påverka kvaliteten på tilbodet me gjev dei yngste mellom oss.

Det er derfor ein stor tankekross at små barnehagar vert tvinga til å leggja ned av økonomiske årsaker.

I EIT LESARINNLEGG i Hordaland 10. februar fortel foreldra til borna i Vethe gardsbarnehage nettopp om alt dette som forskinga syner.

God trivsel, varme og gode medmenneske, og trygt og godt miljø.

ME HAR IKKJE råd til å mista slike tilbod. Dessverre er dette utviklinga i tida, om det då ikkje går an å gjera noko lokalt.

I FJOR VAR det rom for kulturhuskonsulent for 700.000 kroner i tre månaders arbeid for Voss kommune. Finst det liknande postar i år?

Då hadde ekstra løyvingar til dei små barnehagane vore ein god plass å bruka dei.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.