annonse

Vangen si framtid som handelsstad

HANDEL
HANDEL: - Vangen er etter vårt syn triveleg berre dersom det er ei stor grad av levande handel der, og ikkje berre kafear, frisørar og kontor. (Foto: Arkiv)

+ Framtidsplanen for Vangen skal leggjast. Eitt av dei viktigaste spørsmåla er korleis Vangen skal framstå når det gjeld bilen sin plass.

Skal Vangen vera ein tumleplass der biltrafikken skal gjevast stadig trongare plass? Eller skal bilen også i framtida ha ein viktig plass i gatebiletet?

Meiningane er delte. SV trur i eit lesarinnlegg i avisa torsdag at handelen vil auka med bilfri Vangsgate. Venstre stør dei i dette i eit innlegg i dag. Jørgen Rokne, som har drive butikk på Vangen i ein mannsalder, åtvarar mot dette, også han i avisa i dag. Han trur laust baserte påfunn kan gje problem og vil undergrava Vangen som handelsplass.

Erfaringane frå andre stader synest også å vera delte, og diskusjonar pågår. Ferske artiklar på Nett- avisen frå Oslo fortel om sentrumshandel som går ned og ein halv million menneske som er vekke etter at parkeringsplassar vart fjerna nær Karl Johan.

Etter vår oppfatning må ein vera varsam med å stramma inn ytterlegare mot biltrafikk på Vangen. Marginane er små. Redusert handel kan resultera i meir flytting av butikkar vekk frå sentrum, og i verste fall nedlegging. Dess meir gråpapir det vert på vindaugo, dess mindre triveleg vert Vangen som ein rusleplass. Vangen er etter vårt syn triveleg berre dersom det er ei stor grad av levande handel der, og ikkje berre kafear, frisørar og kontor.

Ein kan meina så mykje ein vil at folk må kunna gå. Men det ser ut til at ein stor del av kundane ynskjer å handla raskt og effektivt, og det inneber truleg å parkera nær ved. Kanskje kundar i butikkane bør spørjast i samband med utarbeidinga av planen.

Me må ha med oss i bakhovudet at vossaregionen er vidstrekt med lange avstandar. Me har masse dårleg ver og lang vinter, samstundes som me tek mål av oss til å vera regionsenter for eit stort område inkludert Hardanger og Sogn. Kva skal erstatta bilen til handling? At dei fleste framleis vil nytta bilen i samband med handling, er ikkje så usannsynleg. Som det har vore sagt: Du tek ikkje buss frå Øvre Fenne for å handla møblar på Vangen.

Gågate i Vangsgata vert kasta fram, men er gata eigna til det i kvardagen? Det går fint ved eitt og anna høve, som på torgdagen med smalahoveslepp laurdag. Men er Vangsgata for brei til å verta ei intim og koseleg gågate? Og er folketalsgrunnlaget for lite? I det daglege er me redd det vil resultera i færre folk på dagtid, og folketomme gater på kveldstid. Noko som er nitrist, er ei tom og daud Vangsgate i regn.

Folk vil slåst om kva som er sanninga i diskusjonen framover. Dei som skal utarbeida sentrumsplanen må ha eit medvite forhold til kva dei vil oppnå, og vita at vala dei gjer, får konsekvensar.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse