annonse

Veldig bra å stilla frammøtekrav til elevane

SPARK BAK
SPARK BAK: «Dei aller fleste unge er veldig flinke til å møta opp, men det er også nokre som treng eit lite spark bak i form av fråversgrensa». (Foto: Vidar Herre)

Regjeringa si innføring av fråversgrense i den vidaregåande skulen, ser ut til å ha vore vellukka.

Geir Geitle

Fråveret er redusert med 40 prosent samanlikna med forrige skuleår, viser statistikk som regjeringa la fram denne veka.

DÅ ORDNINGA VART innført, kom mange med dommedagsprofetiar, særleg elevorganisasjonar og opposisjonsparti. Etter eitt år er fråveret drastisk redusert. Fråfallet i vidaregåande skulen har heller ikkje auka som fylgje av kravet om oppmøte på skulen.

Derfor er det freistande å seia at dei som kom med alle innvendingane og protestane, tok feil.

ME SYNEST DET er gledeleg å sjå at krav om frammøte gjev resultat. Ein del av føremålet med den vidaregåande skulen, er å førebu ungdomane på yrkeslivet. Der er det ein føresetnad at den som har arbeid, er i stand til å møta opp på jobben regelmessig. At kravet skulle vera annleis for unge folk som går på skule, er vanskeleg å forstå.

ME I NOREG har det høgste sjukefråveret i verda. Dette heng garantert saman med dei gode ordningane Noreg har for dei som er borte frå jobben.

Samtidig har me ei urovekkjande utvikling med stadig fleire unge under 30 år som hamnar på uføretrygd utan nokon gong å ha kome seg inn i arbeidslivet. Dette er ei ulukke både for personane sjølve, og for samfunnet.

Dette kan ha ein viss samanheng med at det gjennom ein del år har vorte stilt for lite krav om frammøte på skulen.

Samtidig er det også eit problem at skulen har vorte meir teoretisert, noko som rammar spesielt elevane som likar praktiske fag.

SPESIELT FOR DEI som slit, er det likevel viktig at dei kjem seg på skulen. Utan frammøte oppstår lett «hol» i kunnskapen slik at dei kjem på etterskot, og ikkje klarar å ta igjen det tapte.

Då kjem dei ofte inn i ein dårleg sirkel. Vegen vert kort til endå meir fråver og til å droppa ut av skulen.

Å LEVA I ein regelmessig kvardag med god døgnrytme er viktig, og krav om frammøte hjelper til å få dette på plass. Det er til dei unge sitt beste. At nokon skal framstilla det som uheldig at det vert stilt krav om fram- møte på skulen for dei unge, stiller me oss undrande til.

DEI ALLER FLESTE unge er veldig flinke til å møta opp, men det er også nokre som treng eit lite spark bak i form av fråversgrensa.

I TILLEGG BØR det vera ei oppgåve for samfunnet å stilla opp med styrkt helsesysterteneste og lett tilgjengeleg tilbod om psykologhjelp for elevane.

Ungdomstida kan by på sine store utfordringar, og dei som treng hjelp, måabsolutt få det.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.