annonse

Velkomen til Oksenhalvøya

UTSIKT FRÅ OKSEN
UTSIKT FRÅ OKSEN: – OKSENHALVØYA BYR PÅ noko av den flottaste naturen som er å finna i eitt av dei flottaste områda i verda. Her ligg nydelege og idylliske badestader i sjøen. Fjellområdet Oksen med utsikt breitt utover både fjorden og fjella er eitt av dei vakraste turmåla som finst. Toppen har blitt meir og meir populær siste åra, skriv Hordaland på leiarplass. (Foto: Arkiv)

Oksenhalvøya vert ein del av nye Voss herad. Dette har Fylkesmannen i Hordaland avgjort. Det har lege i korta, og er einaste rette løysinga slik terrenget og kartet har endra seg.

NÅR DET NO skjer, kan ein nesten seia at det er merkeleg at ikkje grensejusteringa har skjedd for lenge sidan. At Oksenhalvøya med Djønno, Tjoflot og dei andre grendene har høyrt til Ullensvang, heng att frå tida då det var fjorden som var ferdselsåra. Den tida er for lengst forbi.

SIDAN VALLAVIKTUNNELEN OPNA i 1985, har distriktet naturleg høyrt til Granvin i staden. Borna frå Oksenhalvøya har gått på skule i Granvin siste 30 åra.

EIT KLART FLEIRTAL i grendalaget på Oksenhalvøya har røysta for å gå inn i nye Voss herad. Voss vil også sjå på dette som ei svært positiv løysing.

Dette gjer at grensejusteringa vert ein vinn-vinn-situasjon.

OKSENHALVØYA BYR PÅ noko av den flottaste naturen som er å finna i eitt av dei flottaste områda i verda.

Her ligg nydelege og idylliske badestader i sjøen. Fjellområdet Oksen med utsikt breitt utover både fjorden og fjella er eitt av dei vakraste turmåla som finst. Toppen har blitt meir og meir populær siste åra.

ØKONOMISK BIDREG FOLKET på Oksenhalvøya pr. i dag med 1,7 millionar skattekroner til Ullensvang herad pr. år. Dei dyrkar eple, morellar og anna frukt som er hovudnæringa deira. Sjølvsagt fylgjer det også utgifter med, ikkje minst med den kommunale vegen.

Med denne grensejusteringa vil ytterlegare 70 personar få Voss som heimkommune, i tillegg til dei 931 frå noverande Granvin herad. I alt 1000 innbyggjar.

VOSS SIN POSISJON som regionsenter vert styrkt. Ein større del av naturperla Hardanger vert del av Voss.

DETTE LEGG IKKJE desto mindre eit større ansvar på Voss sine skuldrer. Det gjeld å ta vare på alle delane av området. Her har det alt oppstått utfordringar.

Folket i Granvin kjempar for å halda på helse- og legetenester i bygda. Dei har opplagt eit poeng i at om det er kort veg frå Granvin til Voss, så er det ikkje kort veg frå utkantane i Granvin til Voss.

Det vert viktig å halda oppe gode, desentraliserte tenester, slik at folk framleis vil bu i utkantane.

SKAL OMRÅDET HALDA fram å vera attraktivt, må her bu folk som driv aktivt landbruk. Det er beste måten å halda landskapet og naturen fin på.

Levande bygder trengst. Både for vår eigen del og for reiselivet som er ein vesentleg del av næringsgrunnlaget vårt.

MED TID OG stunder kan Voss herad også utvida seg i retning Aurland og Vik. Om det skulle skje, vert ein reiselivsregion av dei sjeldne med dei verdskjende fjordane samla i eitt rike.

Føresetnaden er at Voss opptrer samlande og inkluderande no når vossaveldet utvidar seg.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.