annonse

VM-inspirasjon til sykkelperla Voss–Ulvik

SKJERVET
SKJERVET: – Med opninga av Jobergtunnelen ved Granvinsvatnet opnar nye moglegheiter seg også for sykkelturen Voss–Ulvik, skriv redaktør Geir Geitle. Her frå Skjervet. (Foto: Geir Geitle)

Om gamlevegen mellom Øvre Vassenden og Holven vert stengt, vil mange meina at det er ein skandale, skriv redaktør Geir Geitle.

Sykkel-VM går mot sitt klimaks i Bergen som ein gedigen folkefest. Tusenvis av tilskodarar, storslagne omgjevnader og sport på toppnivå skaper opplevingar mange vil hugsa til evig tid.

I VÅRE TRAKTER har me også sykkeltradisjonar. Mange syklar, nokre for mosjon og for å koma seg til arbeid og skule, andre for å delta i ritt. Sykling er gull for folkehelsa.

MELLOM VOSS OG Granvin har me frå før fått ein flott sykkelveg. Der kan du sykla tre mil kvar veg med minimal kontakt med biltrafikk. Lange strekkjer ligg på den tidlegare traseen for Hardangerbana.

MED OPNINGA AV Jobergtunnelen ved Granvinsvatnet opnar nye moglegheiter seg også for sykkelturen Voss–Ulvik. Med enkle grep går det an å gjera også heile den strekkja til ein trasé med lite biltrafikk.

Det er likevel eit springande punkt for augneblinken, og det er kva som skjer med gamlevegen langs Granvinsvatnet mellom Øvre Vassenden og Holven. For tida er det sett opp sperringar.

OM STREKKJA VERT stengd, vil mange meina at det er ein skandale. Men om strekkja vert halden open som gang- og sykkelveg, får distriktet vårt ei relativt trygg og uvanleg flott sykkelrute med sjeldne kvalitetar.

Turen Voss–Ulvik er nemleg ein klassikar. Frå Voss til Øvre Granvin går turen delvis gjennom Skjervet, ei stor naturoppleving. Over Espelands- dalen trillar du i rein idyll. Frampå kanten mot Ulvik opnar ei naturperle med Hardangerfjorden seg.

MEN I KJØLVATNET av at Jobergtunnelen opna, har det oppstått uvisse om kven som skal ta ansvaret for gamlevegen. I verste fall kan gamlevegen verta stengd.

Me håpar at Vegdirektoratet avgjer at strekkja skal vera riksveg, og at Statens vegvesen held vegen open for mjuke trafikantar i sommarhalvåret.

EI SLIK LØYSING har dei mellom Leikanger og Sogndal. Der er to lengre tunellar bygde som rassikringsprosjekt, Fatlatunnelen og Stedjetunnelen.

Sommastid held dei gamlevegen utanfor tunellane open som gang- og sykkelveg. Konseptet bør kopierast ved Granvinsvatnet.

DET OFFENTLEGE BØR bruka ressursar for å leggja til rette for sykling. Stillesitjing er eitt av vår tids største helseproblem. Sykling er ein fin og sosial aktivitet for unge og eldre, tynne og overvektige, kvinner og menn.

Å sykla er ein flott måte å ta seg fram på, ikkje minst om ein slepp sterkt trafikkert veg.

VOSS OG HARDANGER har mange attraksjonar. Med Rallarvegen og nesten bilfrie sykkelruter frå Voss til Ulvik og Granvin, går me i rett retning for å verta eit sykkelparadis. Sykkelturisme er i ferd med å verta stort.

Og når me fyrst er i farten, kan me enda opp med å få ein Tour de France-etappe, slik Mona Hellesnes trekkjer fram.

I DESSE VM-TIDER er det lov å lata seg inspirera. Vegstyresmaktene har her ein gylden sjanse til å leggja til rette for sykkelperla Voss–Ulvik.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.