annonse

Voss bør vera kommune – ikkje herad eller by

HERAD ELLER KOMMUNE?
HERAD ELLER KOMMUNE?: «Å bruka herad vil ta oss eit langt steg vekk frå det som er daglegtalen. Det er ikkje ynskjeleg», skriv Hordaland i denne leiaren. (Foto: Marit Eide/Arkiv)

Dei folkevalde på Voss og i Granvin skal komande veke ta stilling til om den nye, samanslåtte kommunen skal heita Voss kommune eller Voss herad.

NEMNINGA HERAD HAR dukka opp på seinsommaren, og har fått ein god del positiv respons. Det toppa seg med ei samrøystes innstilling for Voss herad i fellesnemnda sitt møte fredag føremiddag.

Me meiner likevel at det ikkje er noko god løysing å hoppa på ei slik stemningsbylgje som plutseleg har oppstått.

Iallfall ikkje utan vidare.

ORDET HERAD HAR for lengst gått ut av daglegtale på Voss. Du finn få eller ingen som seier at dei arbeider i heradet.

Så å seia alle tilsette i Voss kommune vil opplysa at dei arbeider i kommunen, dersom du spør.

DEI FLESTE AV oss andre snakkar om kommunen når han skal omtalast. Me seier den forb ... kommunen, dei kommunetiltsette og me snakkar om kommunale vegar. Me seier kommunelege, interkommunal legeteneste, kommunale barnehagar og så vidare.

Kommune er såleis innarbeidd i daglegtalen på ein gjennomgripande måte.

DEN NYE SAMANSLÅTTE eininga bør etter vår klare oppfatning ha eit namn som er nærast råd folket sin daglegtale. Dette er utan tvil kommune.

Voss kommune har vore godt nok til no for ein kommune i vekst, og vil vera godt nok også inn i framtida. Språket lever, og no er det kommune som er naturleg.

Namnet Ekstremsportveko er genialt nettopp fordi det treffer vossingane i daglegmålet.

OM HERAD SKAL brukast, hamnar me langt vekk frå det som har vore vanleg å bruka i daglegtale dei siste 50 åra. Sjølv om ordet er fint, kan det oppfattast som kunstig.

Dette handlar ikkje om å ta vare på vår eigenart. Det handlar eventuelt om å ta i bruk eit ord som er forhistorisk, og som kan verka unaturleg heller enn spesielt.

DET VIKTIGASTE I namnet er dessutan stadnamnet Voss. Voss er eit sterkt merkenamn, som ikkje vert øydelagt av å ha ordet kommune etter seg.

TEMAET OM HERAD eller kommune har heller ikkje vore utgreidd på skikkeleg vis. Dersom ein no skal vurdera nemninga herad, må det skje etter ei grundig saksførebuing.

Då må saka utsetjast av dei folkevalde, og dei må gje administrasjonen i oppdrag å greia ut spørsmålet.

TIL NO HAR saka vore utgreidd på Facebook og gjennom litt tilfeldige spørjeundersøkingar. Det held ikkje som grunnlag for eit viktig namnevedtak.

BY HAR OGSÅ vorte kasta fram som eitt alternativ. Det rokkar etter vår meining ved Voss sin eigenart, og bør forkastast.

VOSS SKAL VERA ei bygd – ei bygd for sterke opplevingar. Det gjev definitivt ikkje same susen om Voss skulle vera ein by for sterke opplevingar.

DEI FOLKEVALDE SOM skal ta avgjerda bør tenkja seg godt om før dei eventuelt hoppar på ei bylgje og gjer endringar i namnet i tolvte time.

Å bruka herad vil ta oss eit langt steg vekk frå det som er daglegtalen. Det er ikkje ynskjeleg.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.