annonse

Voss Cup byggjer bruer og relasjonar

SAMAN
SAMAN: Her frå Voss Cup i fjor, med Voss turkis. (Foto: Sigrid Nese)

Yngve Knausgård trekkjer i eit intervju med Horda­land denne veka fram kor gode vener vossingane og bergensarane er. Vossingane står på god fot med omverda, seier han.

Mange andre stader er det ikkje slik. Det finst motsetningsforhold, som til dømes mellom arendalittar og kristiansandarar, slik arendalitten Knausgård nemner.

DENNE OBSERVASJONEN OG refleksjonen er interessant. Ikkje minst fordi det kjem frå ein person utan ein fastplanta fot i nokon av leirane.

Spør du vossingar av den godt vaksne garde, vil sannsynlegvis ein del erkjenna at det heller ikkje på Voss har vore slik alltid.

Går me nokre tiår tilbake, opplevde me meir konflikten­ mellom bygdefolket og bergensarar.

Kanskje med knuffing på Vangen med helgane, eller slagsmål på bygdedansar.

MEN DEI SEINASTE tiåra har Voss og Bergen hatt eit forhold som er i stadig utvikling til det betre.

Voss har ei utruleg høg stjerne hjå mange bergensarar.

Éi av årsakene til dette er temmeleg sikkert Voss Cup, fotballeventyret som gjennom meir enn 25 år har trekt titusenvis av bergensarar til Voss.

OG DET DEI opplever på Voss, skaper grobotn for venlege og gode relasjonar.

Voss Cup er populær hjå bergenslaga. Dei som kjem her, tek med seg heim att opplevingar og gode barndomsminne om Voss som ein plass med spenning og aktivitetar.

Mange får venner for livet.

GODE OPPLEVINGAR MED Voss Cup er heilt sikkert også noko av forklaringa på Voss sin popularitet hjå hyttebyggjarar.

Før drog bergensarane til Kvamskogen, Geilo, Haugastøl og Ustaoset når dei skulle kjøpa hytte no kjem dei fleste til Voss.

At dette skjer, har fleire forklaringar, mellom anna at Voss har opna opp for å byggja større hytter enn før. Men Voss Cup har også sin del av æra.

MED DEN GODE kontakten mellom by og land, og planar om 30.000 nye vossingar i løpet av nokre tiår, er det naturleg å trekkja inn behovet for betre kommunikasjonar.

Voss og Bergen treng sikrare og raskare samband både på vegen og på jernbanen.

Kravet om sikrare E16 og tog som køyrer Voss–Bergen­ på 32 minutt står sterkt i eit slikt perspektiv, sjølv om løysinga også i høgste grad er ei nasjonal sak.

VOSS CUP ER éin av faktorane som gjev grobotn for det gode forholdet mellom Voss og Bergen.

Voss Cup er eit arrangement som er med og gjer Voss til ei blomstrande bygd å bu i.

Ta godt imot alle dei tusenvis av gjestene som kjem til Voss denne helga.

Og kos deg i lag med venner og kjende med eit av dei flottaste eventyra me har i bygdelaga våre.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.