annonse

Voss fyk framover

NY HANGURSBANE
NY HANGURSBANE: – Det nye hotellet i kombinasjon med gondolbanen ved Voss stasjon kjem til å ta bygda opp minst éin ny divisjon. Det som skjer, er etter vår oppfatning spennande og bra for heile distriktet, skriv Hordaland på leiarplass. (Foto: Illustrasjon frå HLM Arkitektur AS)

Vil du vera med på reisa, så heng på!

DET NYE HOTELLET i kombinasjon med gondolbanen ved Voss stasjon kjem til å ta bygda opp minst éin ny divisjon. Det som skjer, er etter vår oppfatning spennande og bra for heile distriktet.

DETTE VISER OGSÅ at store utanbygds investorar har tru på Voss. Dei vel å plassera millionvis av kroner i prosjekt her i bygda, sjølvsagt med realistiske planar om at det skal gje avkasting på sikt.

SOM REISELIVSMÅL SKYT skyt området vårt ytterlegare fart med det nye hotellet som kjem ved Voss stasjon.

Plutseleg opnar det seg ei ny verd der Voss også kan verta stor konferanse- og landsmøtearrangør.

DET NYE HOTELLET får kring 215 senger. I tillegg kjem over 100 kvar på Fleischer’s og Park som ligg i gangavstand. Med dette kan me ta imot møtearrangement med opp mot 500 deltakarar.

Dette er noko Voss ikkje har hatt sjanse å tilby så langt. Det nye hotellet vert såleis med og kompletterer pakka vosseregionen har å by på som reiselivsmål.

TIDLEGARE HAR HOTELLFOLK på Fleischer’s og Park vore skeptiske til å få det nye hotellet rett utanfor dørstokken. Me kan forstå skepsisen, sidan dei har hatt problem å fylla opp sine hotell med gjester slik det er no.

MEN MANGE VAR skeptiske også til Voss Resort Fjell- heisar si framtid då fjellandsbyen i Myrkdalen kom. No ser me at dei dystre spådommane er gjort til skamme.

I LØPET AV få år er den totale mengda av skigjester til Voss dobla.

Og Voss Resort og Myrkdalen fjellandsby har gjeve gjensidig dragkraft til kvarandre.

ME VEL Å tru at den same effekten vil slå inn for sentrumshotella. Voss får eit heilt nytt bein å stå på som konferansearrangør. Men det vert avgjerande at hotella dreg i same retninga, og utfyller kvarandre med kvar sine særpreg.

Det er nok å nemna Park sin vinkjellar i europeisk toppklase og Fleischer’s sin spesielle historiske posisjon.

NEGATIVE FYLGJER AV utbyggingane vil oppstå også, men dei må ein ta etter kvart. Størst negative effekt er det sannsynlegvis av ikkje å gjera noko, spesielt når Voss skal vera ei bygd for sterke opplevingar.

I LJOS AV hotellbygginga, får også den nye gondolbanen eit nytt perspektiv.

Banen og hotellet vil inngå i ei totalpakke som vert meir og meir opplyftande for vosseregionen sin del.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.